Inviterer til møte: Optimistane, gruppa for dei som har eller har hatt kreft, inviterer til temamøte på Morgedal hotell tysdag. Frå venstre Arne Åsen og Sissel Strandkås frå gruppa og kontaktsjukepleiar for kreftpasientar i Kviteseid kommune Ann Marie Lund og Ellen Rannestad.

Sissel og Arne synest det er godt å ha likesinna å dele tankar med

Sissel Strandkås og Arne Åsen er to av medlemmene i Optimistane, ei gruppe for dei som har vore eller er råka av kreftsjukdom. Tysdag inviterer gruppa til ope møte med Kreftforeininga.

Då ho sjølv blei sjuk tok Sissel Strandkås frå Fjågesund i 2019 initiativ til å starte ei gruppe for menneske som var blitt råka av eller friskmeldt frå kreftsjukdom.

– Sjølv om ein blir frisk av kreft, er seinskadar noko mange får. Optimistane, som me kallar gruppa, har blitt ein fin møtestad der me snakkar om alt. Det kan vere triste ting, men også mykje humor. Det er viktig at det ikkje bare blir snakk om sjukdom når me møtest, seier Strandkås.

Artikkelen held fram under annonsen.

Optimistane har mål om å møtest ein gong kvar månad, og har halde temamøte tidlegare også.

– Me er rundt 20 personar i gruppa nå, og me håpar me kan nå ut til fleire, seier Strandkås.

Håpar mange kjem

Fyrstkomande tysdag kveld, 14. mars, er det fyrste høvet. Då inviterer Optimistane til ope møte på Morgedal hotell saman med representantar frå Kreftforeininga.

– Me inviterte dei til Morgedal, men dei hadde ikkje høve til å møte fysisk, så dei deltek digitalt, fortel Strandkås.

Ho seier at gruppa ynskjer meir kunnskap og har sendt inn tre ynske til tema som skal bli tatt opp på møtet. Tema er korleis det er å leve med kreft, korleis ein kan gjere kvardagen lettare både for den som er råka og for pårørande kring dei. Korleis kan livet bli dersom ein blir frisk? Kva biverknadar kan ein få og kva kan ein eventuelt gjere for at desse skal bli lettare å leve med?

– Me vil også ha med oss ein ernæringsfysiolog som skal snakke om kosthald, og eg håpar me også kan stille spørsmål til ekspertane som er med oss, seier Strandkås.

– Det er fint at ein kan snakke om og få innspel om korleis det er etter ein blir frisk av kreft også, seier kontaktsjukepleiar for kreftpasientar i Kviteseid kommune, Ellen Rannestad.

– Ja, det er viktig å snakke om til dømes dei forventningar ein møter i samfunnet når ein blir frisk, meiner kontaktsjukepleiar Ann Marie Lund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lund og Rannestad fortel at dei har sendt ut informasjon om temamøte til nettverket for kontaktsjukepleiarar i Vest-Telemark, og håpar at dei har delt informasjonen ut til sine kontaktar. Nettverket blir koordinert av palliativ eining ved sjukehuset Telemark og har halde på i mange år. Lund og Rannestad seier dei har eit godt samarbeid både med fastlegar og sjukehuset i jobben sin.

– Møtet er ope for alle som vil kome. Eg tenker at dei pårørande også er aktuelle. Dei er ofte er ei gløymt gruppe, så det er fint å hugse på dei også, meiner Rannestad.

Vil ikkje vere «stakar han»

Arne Åsen fekk kreft for halvtanna år sidan. Han seier mange er livredde for å snakke om at dei har kreft.

– Det er jo ikkje ein smittsam sjukdom, det er jo betre å snakke om det, meiner han.

Åsen innrømmer at tida etter den tøffe beskjeden var mørk.

Åsen fortel at det var personalet på sjukehuset på Notodden som kom med tilbod om at han kunne få ein kontaktsjukepleiar i Kviteseid den dagen han fekk vite at han hadde fått kreft.

– Eg takka ja, og så ringde Ellen meg. Seinare kom ho på besøk fleire gonger. Ho fortalde om gruppa. Eg tenkte fyrst at det ikkje var noko for meg, men Ellen meinte eg burde gje det eit forsøk, så eg gjorde det. Før eg starta i gruppa var eg vel ein «lonely wolf», men nå har eg funne ut at gruppa er så viktig. Gruppa Optimistane og tilbod psykisk helse og LHL til dømes har her i Kviteseid er jo tilbod som verkeleg fungerer, meiner Åsen.

Han har lært at det er viktig å vere open.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg vil ikkje at det skal vere «stakkars meg», men folk må gjerne tore å spørje om kreft. Det er det som er så fint med gruppa, der er det lett å snakke saman om alt, meiner Aasen.

– Nokon seier at dei synest det er lettare å spørje om ting dei lurar på, og snakke om sjukdommen når me er samla i gruppa. Ein stad der dei møter kjente fjes. Kanskje det gjer det litt lettare, trur Strandkås.

Aasen meiner også gruppa er ein fin stad for å dele kunnskap, som til dømes opphaldet han nyleg hadde på Montebellosenteret der ein lærer å leve med endringar som fylgje av kreft.

– Eg lærte så mykje av å vere der, og blei kjent med andre som lir av denne driten. Ein fekk sjå kva andre slit med, og innsjå at ein sjølv ikkje har det så fælt trass alt, seier Åsen.

Plass til fleire

Kontaktsjukepleiarane meiner det er fint at Optimistane har etablert seg.

– Eg synest det er fint å fortelje at det finst ei samtalegruppe dersom ein blir kreftsjuk, og om ein har lyst til å bli med kan dei kontakte Strandkås, seier Lund.

– Inst inne har me i gruppa alle opplevd det same. Uansett diagnose har me noko felles, meiner Strandkås.

– Kanskje me kan inspirere til at det blir starta liknande samtalegrupper andre stader i Vest-Telemark også, seier Åsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hjelp i heimen – kontaktsjukepleiar

Kontaktsjukepleiar for kreftpasientar i Kviteseid er Ellen Rannestad og Ann Marie Lund.

Heimetenesta har to kontaktsjukepleiarar for kreftpasientar, som i samarbeid med dei andre tilsette fylgjer opp brukarar og pårørande.

Målet er å skape tryggleik, kontinuitet, tett oppfylging og god symptomlindring.

Dei som ynskjer kontaktsjukepleiar i samband med kreftsjukdom kan ta kontakt med tenestekontoret i kommunen.

Kjelde: Kviteseid kommune