Lars Torstein må sjå litt på dottera før han klemmer henne. Det er to år sidan han såg Silje sist, og det er vanskeleg å fatte at ho plutseleg står i stova på joleftan.

Silje dukka opp frå «down under» på jolekvelden

– Eg blei heilt mållaus, seier Lars Torstein Momrak. Han og resten av familien i Fyresdal fekk ei veldig uventa gåve på joleftan.

Publisert Sist oppdatert

Silje Momrak har budd i Australia i snart 14 år, og det er ikkje så ofte ho kan besøke familien når ho må rundt halve jordkloden for å koma heim til Fyresdal. Denne jola var det to år sidan ho hadde møtt familien sist, og ho hadde planar om å feire jol heime i Noreg for fyrste gong på ni år. Men flybillettprisane var det dobbelte av normalt, og Silje måtte legge reiseplanane frå seg.

– Det var ikkje vits – då kunne eg heller reise to gonger ein annan gong. 

Likevel gav ho ikkje heilt opp, og heldt fram å leite etter billettar i kvar ledige augeblink. Plutseleg fann ho nokre til normal pris.

– Eg tenkte jo aldri på å reise på vesle joleftandagen, ler Silje. Men det var nettopp det ho gjorde. I Byron Bay var det 36 grader denne tysdagen, og Silje gjekk tur med hunden på stranda før ho sette seg på flyet. 

– Eg hadde ei kjensle, at det her skal skje

Joleftans morgon landa ho på Gardermoen til snø og kulde. 

Når Silje ser jolepynten på Gardermoen kjem tårene fram. Seinare i dag skal ho treffe familien for fyrste gong på to år – men det veit nesten ingen.

– Det var litt av ein overgang!

Klokka var halv sju, og toget ho måtte rekke gjekk om 43 minutt, så det var ikkje tid til forseinkingar. Den reiseglade fyresdølen har samla seg opp ei god slump bonuspoeng, og dei brukte ho til å oppgradere til business class for å vere sikker på å koma kjapt av flyet og fyrst til bagasjen. Det gjekk berre éin buss til Fyresdal på joleftan, og den måtte ho rekke – men i tilfelle noko skulle skjere seg var broren Knut Magne klar til å rykke ut og hente henne. Men både togturen og alt anna gjekk på skjener.

– Det  var så rart, for det var prekært, det var jo på minuttet, men eg hadde ei kjensle, at det her skal skje. Så eg var ikkje bekymra – eg skulle heim til jol, seier Silje.

– Og det er jo ni år sidan eg har feira jol heime, så det var på tide!

Måtte forte seg på badet

Då Silje kom inn døra heime var mor, syster og tantebarn i kyrkja, medan faren Lars Torstein og tanteungen Sofie var heime. Lars Torstein var på badet og dreiv og kledde på seg, og sonen maste om at han måtte koma ned.

– Eg trudde ikkje det hasta så veldig, at det kanskje berre var at Knut Magne skulle låne badet, eller at barnebarnet ville at eg skulle ned og sjå ho i joledrakta. Men så fekk eg beskjed om at eg måtte sete meg, og så kjem Silje strenande oppå. Eg blei heilt mållaus, seier Lars Torstein.

– Det var voldsomme greier. Du veit, ein hadde nesten vanskeleg for å tru det. 

Far blei henta ned frå badet og fekk setje seg før Silje kom opp trappa. Mor, syster og tantebarn var i kyrkja på dette tidspunktet.
Etter å ha summa seg i nokre sekund, reiser Lars Torstein seg og gjev dottera ein lang klem.
Lars Torstein må sjå litt på dottera før han klemmer henne. Det er to år sidan han såg henne sist, og det er vanskeleg å fatte at ho plutseleg står i stova på joleftan.
Sofie (15) ler og hulkar om kvarandre og må omfamne tante Silje to gonger. – Me er så like, eg og Sofie, det seier alle, smiler SIlje.

Silje synest det var moro å sjå reaksjonen til faren.

– Når eg såg han fyrst, sat han lenge og berre kikka. Så kom han opp og gav meg ein klem, så måtte han kikke att, og liksom klemme på meg.

Ukjend nisse i stova

For dei som kom frå kyrkje gjorde Silje litt meir show ut av ankomsten. Ho tok på grøne støvlar, og matchande bukse og genser med mage, og nissemaske, nisselue og mørke briller. Når mora, systra og tantebarna var på plass, kom ho ned skråninga utanfor stoveglaset og rett inn. Der sette ho seg ned utan eit ord. Spekulasjonane gjekk høgt om kven dette var. Kunne det vere svigerfar til Knut Magne som gjorde eit spikk, eller nokon av tanteungane til Knut Magnes kone?

– Dei hadde ikkje peiling, ler Silje.

Når mor, syster og tantebarn kjem frå kyrkja har Silje kledd seg ut som nisse. Ho går ned skråningen utanfor stova og kjem inn og set seg - utan å seie eit ord.
Så kjem maska av. – God jol! ropar Silje.
Moro å overraske!
Sekunda går, og Silje innser kor sjokkert mora er.

Så drog ho av seg maska og sa «god jol». 

– Normalt sett, når dei ser meg, så får eg klem med ein gong, men dei stod berre og kikka, seier Silje. Særleg mor hennar kan ikkje tru det ho ser. Ho stirer, reiser seg, set seg att.

– Det er ikkje Silje, dette, seier ho bestemt, og legg til.

Randi reiser seg men må setje seg ned att. – Nå dånar eg!
Randi blir heilt overvelda. – Det er ikkje Silje, sa ho. Men når sjokket la seg var ho overlykkeleg over å ha dottera heime til jol – for fyrste gong på ni år.

– Nå dånar eg.

I ettertid har sjokket lagt seg, og Randi prøver å skildre det som gjekk føre seg i hovudet då maska kom av.

– Eg kjende ho ikkje. Det stemte ikkje. Du må berre reise att, du er ikkje Silje, tenkte eg. Det var så absurd. Men er det nokon som kunne gjort dette, så er det ho, ler Randi.

Jol på stranda

Sjølv om det er ni år sidan førre jol i Fyresdal, har Silje feira jol med familien i mellomtida. To gonger har familien teke turen til Byron Bay for å feire jol, og det er ganske annleis.

– Det er ikkje ribbe og pinnekjøtt der, ler Silje.

– I Australia feirar me den 25., men me gjekk ut og åt middag på joleftan. På fyrste joledag hadde me ein god lunsj med østers og sjømat, og så pakka me kjølebag og surfebrett og reiste på stranda i raud badedrakt og nisselue. 

Familien på besøk til Silje i Byron Bay.
Typisk australsk jolelunsj.

– Ja, me hadde vel aldri blitt så bereiste hadde det ikkje vore for Silje, skyt far hennar inn. 

– Me feira jol og nyttår med ho på Bali også då ho studerte der.

Sjølv om foreldra gjerne ville hatt Silje nærare, så har dei eit nært forhold.

– Me har nok meir kontakt med Silje enn me har med dei to andre, sjølv om den eine bur i bygda, ler Lars Torstein. 

– Ho ringer kvar morgon når ho køyrer heim frå arbeid, der klaffar tidsforskjellen slik at det er når me drikk kaffe på morgonen. 

Etter den sjokkarta joleoverraskinga har ting roa seg ned.

– Det har vore stille og roleg og heilt nydeleg, seier Silje. 

Ho blir ei veke til, og det er ein ting ho gjerne ville ha gjort før ho dreg attende til strand, surfing og varmegrader på 30-talet. 

– Eg har veldig lyst til å stå på snowboard. Men det må eg nok ut av Fyresdal for å få til. 

 

Powered by Labrador CMS