Sigrid Nyland på plenen ved det eine buret. I bakgrunnen er det raude huset ho vaks opp i – og som ho håpar ein barnefamilie vil ha.

Sigrid gjev slepp på barndomsheimen

Sigrid Nyland har bestemt seg for å selje barndomsheimen sin i Arabygdi – men ikkje til kven som helst.

Publisert Sist oppdatert
Sigrid Nyland sit i stova og ser ut på fjell, skog og vatn.

I stova i eit raudt lite hus  i Arabygdi sit Sigrid og ser utover. På Totak, som blenkjer i solskinet, omkransa av glødande haustfargar. På stranda der ho fyra bål om sommarkveldane då ho var ungjente. Dette huset bygde far og bestefar hennar då ho var lita, og familien på fire flytte inn i 1965. Då var ho sjølv sju år og veslesyster Åsne tre og eit halvt. 

– Eg håpar jo på ein barnefamilie, smiler Sigrid, som no har lagt barndomsheimen ut for sal med ein spesiell rabatt. Ho slår av 50 000 kroner per barn, så lenge syskenflokken ikkje er større enn tre.

Dette rommet var eigentleg eit skjul, men då den andre veslesystera til Sigrid kom til blei det bygd om til jenterom for Sigrid. Ho har brodert både veggpynten og lampa.

Det er rart å skulle selje plassen der ho vaks opp. Her delte ho fyrst rom med veslesystera – Sigrid i overkøya, Åsne i underkøya. Så kom det ei syster til som flytta inn i underkøya. Då flytta Åsne opp i overkøya, og Sigrid måtte få nytt rom.

– Bestefar kom og hjelpte til att, og så gjorde dei vedskjulet om til jenterom.

Med tre systrer i huset var det jamt kø på badet, og Sigrid fekk ikkje stå og sminke og ordne seg der inne. – Då måtte me ut og stå framom spegelen her ute i gangen, ler ho.

Friplassar i hagen

Sigrid har rydda i den gamle leikarstoga si, slik at nye ungar kan ha glede av den. Her søv ho om sommaren då ho hadde fått veslesyster nummer to og venta på at papa og bestefar skulle bygge nytt rom til henne i hovudhuset.

Nedst i hagen står leikarstoga til systrene. Sigrid har rydda i dokkehus og koppestell, slik at det er klart for ungane ho håpar vil leike her. Ho set seg på divanen  der inne og mimrar attende til sommaren då ho fekk flytte ut hit og hadde bestevenninna frå Edland på besøk.

– Det vart ein friplass, og eg ordna på her som det skulle ha vore mitt eiget hus. 

Me ruslar ut att i hagen, og Sigrid kikkar ned på Totakvegen. Det har ikkje vore forretning i Arabygdi så lenge ho kan hugse, men då ho var lita kom det varebil til kiosken borte ved Myllarheimen, og den tok med varer til husstandane også. Om fredagane hadde bilen godterikasse, og då sprang Sigrid og syskena ned i innkøyrsla og strekte ut armen for å stoppe bilen så dei kunne handle laurdagsgodt. Aller gladast blei dei når den yngre sjåføren køyrde. 

– Han hadde meir spennande godteriutval. Han eldre sjåføren hadde mest kamferdrops og kokesjokolade, ler Sigrid.

Den inste delen av kjøkkenet var barnerommet til Sigrid og veslesystera då dei var små. – Her var køyesengene våre.

– Eg har så mange gode minne herifrå. Arabygdi var ein god stad å vekse opp – og er det enno. Her er fleire barnefamiliar i nabolaget, og den eine med tre ungar bur rett på andre sida av vegen her. 

I dag har det gamle barnerommet med køyeseng blitt del av kjøkkenet, slik at dette har blitt stort og luftig. Det gjer at hovudhuset er attende til å ha berre to soverom, men likevel har det vore samlingspunkt for storfamilien etter at Sigrid og systrene blei vaksne. Ute i hagen sette nemleg faren opp to romslege bur. Det eine har fire sengeplassar, det andre har to, og begge bura har bord og stolar nett som ei lita stove.

– Då kunne ein trekke seg litt attende når ein var heime på besøk. Det kan vere litt godt.

Det er to bur i tunet, i tillegg til hovudhuset. Dei har vore gjesterom når storfamilien samla seg etter at Sigrid og systrene blir vaksne.
Far til Sigrid sette opp to bur i hagen så det var plass til besøk av barn og barnebarn. I dette buret er det sengeplass til fire.
Ein bamse sit inst i kroken i det eine buret på tunet.
I ein annan burskrok står det både radio og platespelar.

Køyrde dumper – bygde hus

Far til Sigrid var bussjåfør i VTB, og ho har spara på heile uniforma hans. Han oppmoda døtrene også om å ta lappen på tyngre køyretøy, og Sigrid tok han på ordet og lærte seg å køyre dumper.

Sigrid har alltid vore glad i å arbeide og stå på, og skaffa seg mykje erfaring frå hotellarbeid allereie på ungdomsskulen. Då ho var femten flytta ho på hybel i Kongsberg saman med bestevenninna si, og etter det har ho stort sett budd i byen. I tillegg har ho hatt eit hus i heimkommunen, og det kan ho eigentleg takke far sin for. Han var bussjåfør i Vest-Telemark bilruter i alle år, og oppmoda døtrene også om å køyre tyngre køyretøy. Sigrid tok han på ordet, og som ung vaksen arbeidde ho som dumparsjåfør på anlegg eit par år. Det tente ho godt på, og desse pengane brukte ho til å bygge seg hus i Haukeli. Det gjer at barndomsheimen nå stort sett står tom.  

– Det er kjekt å reise hit på hyttetur, men eg vil heller at nokon skal bu her som vil føre det vidare, og aller helst ein barnefamilie. Men eg kan strekke meg til besteforeldre, smiler Sigrid.

– Men vil besteforeldre som kjøper huset få 50 000 kroner i rabatt for kvart barnebarn?

– Ja, det kan godt hende.  Eg får ha det som ei vurdering.

Snart er det kanskje nokon andre enn Sigrid som tek med seg pute og sitteunderlag ut på trappa her for å nyte morgonsola i Arabygdi.
Powered by Labrador CMS