205 av 356 norske kommunar hadde befolkningsnedgang i 2019. Foto: Berit Roald / NTB scanpix/ NPK

– Sentraliseringa held fram

205 av 356 norske kommunar hadde befolkningsnedgang i 2019. – Sentraliseringa held fram, opplyser SSB.

– Vi har sett ein sentraliseringstendens over fleire år. Folk flyttar til byane og kommunane rundt, seier Magnus Haug i Statistisk sentralbyrå (SSB) til Nynorsk pressekontor.

I Vest-Telemark har det blitt 867 færre innbyggjarar sidan år 2000.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innvandringa verkar inn

Innvandringa til Noreg har dessutan gått ned, men Haug er usikker på om det råkar utkantkommunane hardare enn sentrale kommunar.

– Det bidrar i alle fall til folketap i ein del kommunar, fortel han.

SSB-forskaren peikar òg på at det ting ved folketalsutviklinga i 2019 som skil seg frå føregåande år.

– Det vi ser i tala frå 2019 er at alle dei tre nordlegaste fylka våre (no to red.anm.) har nedgang. Det er første gong på veldig mange år at alle fylka i nord har nedgang samtidig, fortel han.

Tendensen lik etter reforma

Ved nyttår blei ei rekke norske kommunar slått saman, og i dag er det 356 kommunar i Noreg. Av dei nye kommunane hadde 205 negativ folketalsutvikling i 2019. Om ein ser kommunane i lys av den gamle strukturen, hadde 235 negativ folketalsutvikling.

– Uansett om ein ser på den gamle eller nye kommunestrukturen, så er det fråflytting i over halvparten av kommunane, konstaterer Haug

– Sjølv om ein no har langt færre kommunar, er det like mange kommunar med folketal over 10.000 som før reforma. Nedgangen er konsentrert i kommunane med færre enn 10.000 innbyggjarar, legg han til.

Nedgang i Sogn og Fjordane

Gamle Sogn og Fjordane, som no er ein del av Vestland fylke, er eitt av fem fylke som hadde lågare folketal ved utgangen av 2019 enn ved inngangen. Det gamle fylke hadde ein nedgang i folketalet på 208 personar gjennom året.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det viser seg òg i statistikken for kvar enkelt kommune. Berre tre kommunar i Sogn og Fjordane, om ein ser på kommunestrukturen slik han er i dag, hadde positiv folketalsutvikling. Det er Sunnfjord, Stad og Sogndal.

– Tala syner at det er mogleg å skape vekst også i Distrikts-Noreg, seier tidlegare ordførar i Eid og no ordførar i Stad, Alfred Bjørlo (V) til Fjordabladet.

Av dei resterande kommunane i gamle Sogn og Fjordane hadde alle kommunane negativ folketalsutvikling, med unntak av Gloppen kor innbyggjartalet var likt ved inngangen og utgangen av 2019.

Jamt i Hordaland

I gamle Hordaland har 13 kommunar positiv folketalsutvikling og 12 kommunar negativ folketalsutvikling frå 31. januar 2018 til 31. januar 2019, om ein ser kommunestrukturen slik han er i dag.

Kommunane med befolkningsauke er Bergen, Sveio, Bømlo, Tysnes, Voss, Kvam Bjørnafjorden, Austevoll, Øygarden, Askøy Modalen, Alver og Austreim.

Kommunane med nedgang er Masfjorden, Fedje, Osterøy, Vaksdal, Samnanger, Ulvik, Ullensvang, Eidfjord, Kvinnherad, Fitjar, Stord og Etne.

Samla sett hadde likevel Hordaland, sett under eitt, ein folketalsauke på 3.634 personar i 2019.

Positive tal i Rogaland

Rogaland var det fylket på Vestlandet som hadde størst folketalsauke i 2019. Der auka folketalet med 4.237 personar gjennom året.

Artikkelen held fram under annonsen.

Likevel var det også her ti kommunar med nedgang i folketalet. Ein samla befolkningsauke i bykommunane Stavanger, Sandnes og Haugesund på 2041 viser at befolkningsutviklinga i fleire andre kommunar nødvendigvis er negativ.

Kommunane med nedgang i folketalet i Rogaland er Vindafjord, Utsira, Karmøy, Kvitsøy, Sauda, Suldal, Hjelmeland, Bjerkreim, Lund og Sokndal.

Liten vekst i Møre og Romsdal

I Møre og Romsdal auka folketalet med 246 personar i fjor. Eit fleirtal av kommunane hadde negativ folketalsutvikling, deriblant bykommunane Molde og Kristiansund.

Folketalet i Ålesund kommune, slik strukturen er der etter samanslåinga med kringliggjande kommunar, voks frå 65.503 ved inngangen til 2019 til 66.148 ved utgangen av året.

Kristiansund, Fjord, Molde, Vanylven, Aure, Sande, Herøy, Ulstein, Surnadal, Stranda, Sykkylven, Vestnes, Rauma, Aukra, Averøy, Gjemnes, Tingvoll og Sunndal hadde nedgang i folketalet.

Ålesund, Ørsta, Volda, Hareid, Sula, Giske, Smøla og Hustadvika hadde auke i folketalet.

Marginal vekst i Telemark

Gamle Telemark fylke hadde ein marginal befolkningsauke på 37 personar i fjor. Heile fjorten kommunar i fylket, som no er ein del av Vestfold og Telemark, hadde nedgang i folketalet.

Også her ser ein at bykommunar, som Skien og Porsgrunn, har størst auke i befolkningstalet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunane med folketalsnedgang i Telemark er Vinje, Tokke, Fyresdal, Nissedal, Kviteseid, Seljord, Hjartdal, tinn, Midt- Telemark, Nome, Drangedal, Kragerø Bamble og Notodden.

Kommunane med positiv folketalsutvikling er Siljan, Færder, Skien og Porsgrunn.

Fakta om folketalsutviklinga i fylka i 2019

Folketalet gjekk ned i fem fylke i fjor. Dette gjeld dei tre nordnorske fylka, og dessutan Oppland og Sogn og Fjordane.

Finnmark: – 393

Troms: – 600

Nordland: – 912

Trøndelag: +3.079

Møre og Romsdal: + 246

Artikkelen held fram under annonsen.

Sogn og Fjordane: – 208

Hordaland: + 3.634

Rogaland: + 4.237

Vest-Agder: + 1.371

Aust-Agder: + 618

Telemark: + 37

Vestfold: + 1.591

Buskerud: + 2.188

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppland: – 180

Hedmark: + 514

Oslo: + 12.420

Akershus: + 9.134

Østfold: + 2.592

Landet totalt: + 39.368

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

(©NPK)

Over halvparten av norske kommunar hadde negativ folketalsutvikling i 2019.Illustrasjonsfoto: Cornelius Poppe / NTB scanpix/ NPK
Befolkningsutviklinga i kommunar i Sogn og Fjordane frå 31. desember 2018 til 31. desember 2019. Kinn kommune ligg inne i skjemaet knytt til Hordaland. Foto: Skjermbilde frå SSB
Befolkningsutviklinga i kommunar i Møre og Romsdal frå 31. desember 2018 til 31. desember 2019. Foto: Skjermbilde frå SSB
Befolkningsutviklinga i kommunar i Rogaland frå 31. desember 2018 til 31. desember 2019. Foto: Skjermbilde frå SSB
Befolkningsutviklinga i kommunar i Hordaland frå 31. desember 2018 til 31. desember 2019. Også Kinn kommune i Sogn og Fjordane ligg inne i dette skjemaet. Foto: Skjermbilde frå SSB