Lizzie Ruud Thorkildsen frå YS (f.v.), Steffen Handal frå Unio kommune, Tor Arne Gangsø frå KS, Mette Nord frå LO kommune og Jan Olav Birkenhagen frå Akademikarane kommune har delteke i årets hovudtariffoppgjer i kommunal sektor. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK

Semje i kommuneoppgjeret – Akademikarane har brote

LO kommune, Unio og YS kommune er samde med KS i tariffoppgjeret, medan den fjerde forhandlingssamanslutninga, Akademikarane, braut forhandlingane.

Natt til onsdag vart dei fleste partane samde i årets kommuneoppgjer. LO kommune seier seg tilfreds med at partane har vorte samde om å halde oppe kjøpekraft og betre utteljinga for kompetanse og heiltid.

– Vi er glade for at vi har komme fram til eit anbefalt forslag i dette hovudoppgjeret. Vi var klar over at det var svært lite pengar til rådvelde, men har klart å få til eit oppgjer der folk held oppe kjøpekrafta. Det kjem dels av verknader frå lønnsoppgjeret i fjor og dels tillegga vi greidde å forhandle oss fram til no, seier leiar Mette Nord i LO kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ramme på 1,7 prosent

Oppgjeret har ei ramme på 1,7 prosent, som er det same som resultatet i frontfaget, som er privat konkurranseutsett industri.

Dei avtalte tillegga er på mellom 1.400 og 1.900 kroner. Tillegga blir gitt med verknad frå 1. september. Det er òg semje om å justere laurdags- og søndagstillegget slik at alle no er sikra eit tillegg på minst 53 kroner, med verknad frå 1. oktober.

I tillegg til det økonomiske, vart partane samde om å satse på kompetanseutvikling og om å setje ned eit partssamansett utval som skal jobbe for at fleire skal få heil stilling i tariffperioden.

Stramt oppgjer

KS er den største arbeidsgivarorganisasjonen i offentleg sektor, og i overkant av 442.000 arbeidstakarar er sysselsette i dette tariffområdet innanfor helse- og sosial-, skule- og barnehagesektoren.

KS varsla på førehand eit stramt oppgjer i kommunal sektor, og arbeidslivsdirektør Tor Arne Gangsø i KS er fornøgd med at det er oppnådd semje med dei tre største forhandlingssamanslutningane i ein «særdeles krevjande situasjon for Norge og for kommunesektoren».

– Det er grunn til å gi heider til partane for at dei har teke inn over seg alvoret i den svært spesielle situasjonen koronakrisa har ført til for kommunesektoren og for norsk økonomi generelt, seier Gangsø, som var forhandlingsleiar for KS.

Forhandlingsleiar Lizzie Ruud Thorkildsen for YS kommune stadfestar at det har vore eit krevjande oppgjer og kallar det «akseptabelt».

– Medlemmene våre får reallønnsvekst. Gitt situasjonen forhandlingane har føregått i, er vi tilfreds med resultatet, seier Thorkildsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Unio: små summar

Unio har forhandla på vegner 135.000 medlemmer i kommunesektoren. Det er mellom anna lærarar i barnehagar og skular, sjukepleiarar og anna helsepersonell i kommunehelsetenesta.

– Isolert sett er resultatet i årets oppgjer dårleg. Dette er langt unna det Unio ønskte og la planar for då oppgjeret starta i vinter, seier forhandlingsleiar for Unio i KS-området, Steffen Handal.

Koronakrisa og omsynet til økonomien i landet gjer at det har vore svært lite pengar å fordele i årets oppgjer.

– Samla sett blir Unios medlemsgrupper sikra reallønnsvekst dersom forventa prisvekst blir 1,5 prosent, seier Handal.

Akademikarane braut

Arbeidstakarorganisasjon Akademikerne braut på si side forhandlinga med KS.

– KS viste liten vilje til å møte krava våre. Med dette tilbodet utviklar KS kommunane i feil retning, seier leiar Jan Olav Birkenhagen for Akademikerne kommune.

Eit krav frå ein av Akademikaranes 13 medlemdforeiningar, Legeforeininga, gjorde det vanskeleg for KS. Kravet var at ut over eit gjennomsnitt på sju timar per veke, skal fastlegar sjølv kunne velje om dei vil ha legevakt.

– Heile systemet byggjer på at fastlegar skal gå legevakt. Då er det ikkje mogleg å overlate til den enkelte legen å velje når han eller ho skal jobbe. I praksis vil det bety at innbyggjarane i enkelte kommunar risikerer å stå utan legevakt når dei treng akutt hjelp, seier Gangsø i KS.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kommunane er ansvarleg for døgnkontinuerleg legeteneste til alle innbyggjarar, så dette kravet er det rett og slett ikkje mogleg for KS å gå med på, legg han til.