Selskapet omsette for nær 380 millionar i fjor. Nå leitar dei etter ny konsernsjef
Neste år sluttar Ketil Kvaale som konsernsjef i Vest-Telemark kraftlag. Nå er arbeidet med å finne ny sjef for kraftlaget i gang.
Rekrutteringsselskapet Headvisor bistår Vest-Telemark kraftlag (VTK) i arbeidet med å finne ny konsernsjef. Søknadsfristen på toppstillinga er 15. august.
– Som konsernsjef skal du vera strategisk drivande, samtidig som du må du vera synleg i den operative drifta. Me ser etter kandidatar som proaktivt kartlegg korleis trendar i marknaden og ny teknologi og kunnskap kan bidra til å utvikla konsernet vidare. Som konsernsjef vil du i tillegg ha ansvar for å utarbeida og gjennomføra konsernets forretningsstrategi på bakgrunn av dei føringar som eigarane og styret til ein kvar tid gjev, heiter det i stillingsannonsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
VTK omsette for nærare 380 millionar i 2021, og har 56 tilsette. Selskapet vart stifta i 1940, og er eigd av alle dei seks kommunane i Vest-Telemark. Nissedal eig fem prosent, medan dei fem andre eig 19 prosent kvar.