Øystein Nordskog trivast på heimekontor.

Seljordingen blei headhunta til stort firma: – Ein fantastisk interessant jobb

Øystein Nordskog trudde han skulle bli økonom, men så blei han røyrleggar som dei fleste andre i familien. I 2019 klatra han til topps i byggefirmaet HENT. Nå er han prosjektdirektør for nokre av dei største byggeprosjekta i landet. 

Publisert Sist oppdatert

– Me flytta hit i 2014.

Med ei fantastisk utsikt over Bø-bygda, langt over skodda, og med Lifjell hotell som næraste nabo; 

– Velkomen!

Øystein Nordskog (51) frå Seljord tar vennleg imot oss i eit arkitektteikna hus han er svært godt fornøgd med. Det er ikkje vanskeleg å forstå.

– Den gamle delen av huset var opphavleg ein gamal betjeningsbustad knytt til Bø Lifjell hotell, som me har pussa opp, og så har me bygd dette tilbygget der me har fått det akkurat slik me ønska det. Det er Hilde (Øysteins kone, red.merk.) som er den kreative i heimen. Ho tek seg av alt med interiør og estetikk, fortel han.

Det er Øystein sjølv som har teikna det flotte huset. I tillegg har han tatt seg av alt røyrleggararbeid. Det er fordi han er utdanna røyrleggar, og har jobba for onkel Svein Tveiten i Morgedal rør i sju år, på slutten av 90-talet. 

– Det var bestefar som starta firmaet i 1951. Eg trudde eigentleg eg skulle bli økonom, men etter å ha droppa ut av økonomistudium blei eg røyrleggar.

Øystein og kona har flott utsikt frå verandaen.

Headhunta til HENT

Mange vil kjenne Øystein att frå fotballbanen i oppveksten. Då han var 16 år vann han Vardens talentpris i Telemark. Då han var 24 år øydela han dessverre kneet og la fotballen på hylla.

– I 1999 bygde eg hus i Seljord. Eg teikna huset sjølv, med god hjelp av arkitekt Knut Loftsgarden i 3D Arkitekter. Der trong dei etter kvart ein teknisk teiknar, så eg slutta som røyrleggar og blei tilsett der i 2002. Med interesse for økonomi passa det seg slik at eg blei dagleg leiar og medeigar i 2003, og fekk samstundes god privatundervisning i arkitektfaget.

Mellom 2003 og 2012 hadde Øystein mange prosjekteringsoppdrag i Vest-Telemark. 

Då Knut Loftsgarden døydde i 2012, blei han rett og slett headhunta til entreprenørfirmaet HENT. 

– Tida var moden for nye utfordringar. Eg byrja i HENT i 2012 og blei avdelingsleiar for teknisk avdeling i 2013, fortel Øystein.

Sidan 2017 har han jobba med sjølve gjennomføringa av store byggeprosjekt, mest i Oslo, men òg i Stavanger. Han pendlar med tog til hovudstaden to dagar i veka, og har elles heimekontor i Bø.

– Å finne ut av kva som skal til for å realisere store prosjekt er det som er mest moro med jobben, seier Øystein.

– Tog er fantastisk, det er som kontor for meg. Eg har pendla i 13 år, og for meg har Sørlandsbanen vore stabil. Togtilbodet er vel ein av dei få tinga eg kunne ha gått i tog for, smiler han.

Prosjektdirektøren

I 2019 blei Øystein prosjektdirektør i HENT. Det er ikkje småtteri i eit fima som omset for 10 milliardar kroner i året, har 1200 tilsette, og hovudkontor i Trondheim.

– Me byggjer blant anna Regjeringskvartalet og Livsvitenskapssenteret på Universitetet i Oslo, fortel han.

Sjølv har han akkurat nå ansvar for eit av Noregs mest prestisjefylte byggeprosjekt; nye Oslo Spektrum.

– Det kjem til å bli like høgt som Oslo Plaza, og er det første høgbygget i Noreg på nesten 40 år sidan Plaza blei bygd. 

40 000 kvadrat, som inkluderer eit tårn med kontor i 26 etasjar og ein ny kongress- og konsertarena, skal stå ferdig i november 2028. Kostnad: litt over 2 milliardar kroner.

– Det er stor interesse for bygget frå mange kantar. Det blir spektakulært, og dei fleste i Noreg har jo eit forhold til Oslo Spektrum. 

Øystein har også hatt hovudansvar for bygginga av nytt hovudkontor for Aker Solutions og Aker BP i Stavanger, som vart ferdig i sommar.

Aker Tech House

– Det er eit av Europas mest avanserte bygg. Ein skal fjernstyre offshore oljeinstallasjonar derfrå. Bygget er på 70.000 kvadrat og har kosta 2.6 milliardar kroner.

– Må finne balansen

Han smiler når han viser bilete av byggeprosjekt han leier, men er audmjuk når han fortel om eiga rolle i prosjekta.

– Eg har ein fantastisk interessant jobb, og likar å jobbe med folk. Og så var koronatida fin, med tanke på den digitale revolusjonen med bruk av Teams og heimekontor, også i byggebransjen.

Korleis er ein vanleg dag for deg på heimekontor?

– Då har eg i gjennomsnitt 8–10 møter på Teams. 

Øystein er ein av få i HENT som er med i byggeprosjekta heilt frå start med prosjektutvikling og samhandling, fram til overlevering av ferdig bygg. Det er travle arbeidsdagar, men Øystein er opptatt av at kollegaer ikkje skal jobbe seg i hel.

– Eg har tatt med meg lagkjensla frå fotballen. Det er berre som eit lag ein kan fungere i denne bransjen, og me må finne balansen saman.

Kor ofte har du bruk for røyrleggarerfaringa?

– He, he. Det hender faktisk. Det er ein veldig nyttig bakgrunn. Men det er nok litt spesielt. Dei fleste hos oss er utdanna ingeniørar. 

Kva tenker du om KI i entreprenørbransjen?

– KI er blitt eit nyttig hjelpemiddel, men det kan aldri erstatte menneske. Her hos oss treng me ekte intelligens, seier han, og trekker på smilebandet.

Blir du tynga av ansvaret for store prestisjeprosjekt?

– Nei, eg har dyktige folk rundt meg, og prosjektleiarar som leier prosjekta i det daglege. Og så er eg flink til å kople av når eg har fri. 

– Stadig oppover

Apropos fri. Han har akkurat vore avkopla i samband med ein langweekend i Italia. Han og kona Hilde reiser dit to-tre gonger i året. 

Kvifor Italia?

– Me kom aldri lenger, he, he. Me likar maten, vinen og temperaturen.

Samtidig er dei svært glade i norsk natur, og nærleik til Lifjell betyr mykje. 

Er du lommekjend på Lifjell?

– Ja, både sommar og vinter!

Øystein har tre barn, to bonusbarn og to barnebarn. Han har vore gift med Hilde Solvang Næss i seks år, og dei gifte seg på Sterke Nils-tunet i Seljord. 

– Me er stadig oppover til Seljord, foreldra mine bur jo der. Det er fint i Bø, men lite vatn her. Eg kan kjenne på sakn etter Seljordsvatnet. 

Røyrleggarfamilie. Øystein fortel: Teikninga er teikna av ein ven av familien i 1978. Den viser bestefar, Dagfinn Tveiten, fremst og onklar og tanter (og mamma Randi) bakover, med røyrleggartang i handa. Bestemor står og vinkar, og rører i middagsgryta heime i Morgedal. Bestefar starta Morgedal Rør i 1951, og onkel, Svein Tveiten, har drive bedrifta vidare frå tidleg på 80-talet og fram til nå.
Powered by Labrador CMS