Deler opp elevane: Seljord ungdomsskule innfører heimeundervisning på ulike dagar for 8.m 9. og 10. trinn denne veka.

Seljordelevane skal ha heimeskule på ulike dagar

Elevane ved ungdomsskulen i Seljord skal ha heimeskule på ulike vekedagar

Måndag kveld opplyste Seljord-ordførar, Beate Marie Dahl Eide på Facebook at ungdomsskulen frå og med tysdag 5. januar skal ha ulike dagar med heimeundervisning på dei ulike trinna på grunn av regjeringas nye koronatiltak som kom sundag og at ungdomsskulen nå er på raudt nivå.

– 8. trinn skal ha heimeundervisning på onsdagar og fredagar. 9. trinn skal ha heimeundervisning på måndagar og torsdagar, og 10. trinn skal ha heimeundervisning på tysdagar. Alle friminutt blir ute, og i inndelte soner. Det blir framleis matpakke kvar dag. Elevar kjem ikkje inn på skulen før klokka 8.10, skriv ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho skriv vidare at læraren skal møte elevane ute kvar morgon seinast klokka 8.05 for å kontrollere inngang med tanke på å redusere trengsel. Trinna bruker framleis same inngangsparti som før jol.

– Handvask og desinfeksjon av hender vil fortsette som før. Elevane skal ha faste plassar i klasserommet. I fag der trinn er blanda skal trinna sitje kohortvis med minimum 2 meters avstand. Heimeundervisninga vil skje på Teams og digitalt, melder ordføraren og legg til at heimane vil få meir detaljert informasjon frå kontaktlærarane.

Ordføraren melder at all skyss vil gå som vanleg etter gjeldande smittevernreglar.

– Det er fylkeskommunen som er ansvarleg for skyssen, og at denne er i tråd med smittevernet. Kommunen veit det er utfordring med avstand og smittevern på enkelte ruter, og føljer opp dette overfor fylkeskommunen, skriv Dahl Eide.

Ved barneskulane og barnehagane blir det same retningsliner som før jul, men i vaksenopplæringa blir det raudt nivå og elevane vil få informasjon frå skulen om kva undervisningsopplegg som blir tilbygg framover.

I kulturskulen går gruppetilboda i fyrste omgang ut fram til 18. januar. Individuell undervisning går som normalt. Elevane vil få meir informasjon direkte frå kulturskulen og lærarane.