Seljord IL selde mat for 700.000!

Det er stille på Dyrskuplassen denne helga. Me minner om at du finn mange gode dyrskusaker i VTB-arkivet.

Denne saka er frå Dyrsku’n i 1982:

Karbonadekarusellen går. Jørunn Ofte, Ingrid Sandvik og Vidar Tveiten heng i stroppenfor idrettslaget.

Seljord Idrettslag selde mat til den store gullmedalje alle tre Dyrsku-dagane. For kring 700.000 fortel Oddmund Gåskjenn til Vest-Telemark Blad. Verst kjør var det sjølvsagt laurdag. Då fekk ein til fulle kjenne at kjøkenet er eit nålauge med for liten kapasitet. Det var med naud og neppe ein greidde å verme opp mat til å stette etterspurnaden i alle lukene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kjøkenkapasiteten er ei sak me no etterpå vil taka opp med hovudnemnda, seier Gåskjenn.

2,5 tonn graut, eit par tonn pylser og ei utruleg mengd jordeplestappe, dessutan haugar med vaflar og eit par hundre tusen flasker brus gjekk med i det store matsalget på Dyrskun. Ein enorm innsats frå toppfolk og menige medlemer i idrettslaget dei tre dagane, og ein god slump pengar til investeringar og drift i idrettsåret som kjem.

Fleire saker kan du søke fram i det historiske arkivet. Her kan du søke på enkeltord, namn og liknande. Du kan sjølv velje kva periode du vil søke i.