Smart løysing: Amalie Nenseter Sørensen (t.h.) meiner Gunhild Kåsa Dehli og dei andre helsesjukepleiarane ved Seljord helsestasjon løyste vaksineringa på ein smart måte.

Seljord-elevar fekk drive in-vaksine

Kreativ idé på Seljord helsestasjon gjorde at sjuandeklassingane fekk tatt hpv-vaksinen trass i strengt smittevern.

Vanlegvis vaksinerer helsesjukepleiarane i Seljord elevane på skulen. Ettersom 7. klasse har heimeskule og det er strenge reglar for kor mange som kan opphalde seg på same stad klekte dei tilsette ved Seljord helsestasjon ut eit nytt vaksinasjonsopplegg.

– I desse koronatider måtte me vera kreative. For å gjera vaksineringa trygg for elevane fekk me ideen om drive in-vaksine, seier leiande helsesjukepleiar ved Seljord helsestasjon, Gunhild Kåsa Dehli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vaksinert i bilsetet

Då rundt 30 elevar frå Seljord barneskule og Flatdal barneskule skulle vaksinerast tysdag, blei det gjort i bil. Føresette måtte køyre sine unge lovande til helsestasjonen og der fekk sjuandeklassingane eit stikk i armen medan dei sat i bilsetet. Elevane blei vaksinert i puljar med oppmøte klokka 09.00, 10.00, 11.00, 13.00 og 14.00.

Parkeringsvaksine: Tove Beate Holte (t.v.), Gunhild Kåsa Dehli og Veronica Rue Flatland kom på den gode ideen om drive in-vaksinering då sjuandeklassingane, som ennå ikkje er tilbake i skulegarden, skulle ha den siste av to hpv-vaksinar.

– Me vaskar hendene godt mellom kvar elev, seier Dehli, som saman med helsesjukepleiarane Veronica Rue Flatland og Tove Beate Holte står for drive in-vaksinasjonen.

Dei kan vera nær eleven i maks 15 minutt før dei må ha to meters avstand. Dette er reglar som gjeld alle helsestasjonskonsultasjonar nå under pandemien.

– Elevane fekk fyrste dose av hpv-vaksinen i oktober, så dette blir eit spanande påfyll, seier Dehli.

Tøffe elevar stilte på parkeringa

Gjennom vindauget: Gunhild Kåsa Dehli gjev Marius Ulvestad hpv-vaksine gjennom bilvindauget. - Det gjer ikkje vondt, men svir litt, seier den tapre 12-åringen.

Då fyrste pulje frå Seljord barneskule dukka opp klokka 09.00 stod dei tre helsesjukepleiarane klare med vaksinen. Ein av dei som fekk eit stikk i armen gjennom bilvindauget var Marius Ulvestad Andersen (12). Han smilte frå øyre til øyre.

– Det gjorde ikkje vondt, men svei litt. Dette var ein grei måte å bli vaksinert på, seier han, som blei køyrt til parkeringsplassen på Seljord helsestasjon av Lise Therese Halvorsen.

I bilen ved sida sat Amalie Nenseter Sørensen (13) med mora Anne Nenseter. Ho synst det var ein smart måte å vaksinere på nå som det er heimeskule.

– Det var ikkje så vondt som eg trudde det skulle bli. Det er betre å ta vaksinen enn å la vera, seier Sørensen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho fortel at det gjekk like greitt å ta vaksinen på parkeringsplassen nå som på skulen i fjor haust, sjølv om ho byrja å blø litt av stikket. Då kom helsesjukepleiarane fort til med papir for å stoppe blødinga.

– Det er litt humor å ta vaksine slik på ein parkeringsplass. Det blir ikkje så alvorleg, smiler mor frå førarsetet.

Alle elevane blei av tryggleiksgrunnar bedne om å vente 20 minutt i bilane på parkeringsplassen før dei fekk dra heim etter sprøytestikket.

Hpv-vaksine

Hpv-vaksine har vore eit tilbod til jenter i sjuande klassetrinn sidan skuleåret 2009/2010. Nå har også gutar tilbod om vaksine. Det gjev lik moglegheit for gutar og jenter til å beskytte seg mot kreft som skuldast HPV (humant papillomavirus).

Verdas helseorganisasjon (WHO) anbefaler at HPV-vaksine inngår i nasjonale barnevaksinasjonsprogram. HPV-vaksine er inkludert i barnevaksinasjonsprogram i meir enn 82 land. 12 land tilbyr HPV-vaksine til gutar i barnevaksinasjonsprogrammet.

Vaksinen som brukast i det norske barnevaksinasjonsprogrammet heiter Cervarix. Cervarix blir nytta i barnevaksinasjonsprogram i 29 land og meir enn 64 millionar dosar av denne vaksinen er distribuert.

Ingen vaksinar i barnevaksinasjonsprogrammet inneheld kvikksølv som konserveringsmiddel, heller ikkje HPV-vaksinen.

Kondom beskyttar ikkje fullstendig mot HPV-smitte fordi viruset også finst på hudområde i underlivet som kondom ikkje dekker.

HPV-vaksine beskyttar ikkje mot alle kreftframkallande HPV-typar. Det er difor viktig at alle kvinner deltek i Livmorhalsprogrammet kvart tredje år frå fylte 25 år.

Det finst ikkje screeningprogram for anna HPV-relatert kreft enn livmorhalskreft.

Kjelde: Folkehelseinstituttet