– Det kan virke som aspekt ved promille og båtliv er underkommunisert, seier Elisabeth F. Kristoffersen i MA- Rusfri Trafikk. Foto: MA – Rusfri Trafikk

Seks av ti kjenner ikkje promillegrensa til sjøs

Ei fersk undersøking viser at 63 prosent av den norske befolkninga ikkje veit at promillegrensa for fritidsbåtførarar er på 0,8.

– Det kan virke som aspekt ved promille og båtliv er underkommunisert. «Alle» veit at det er påbode med redningsvest, men folk er tydelegvis ikkje like medvitne på farane ved å kombinere alkohol og båtkøyring. Jo høgare promillen er, desto større er risikoen for at du gir blaffen i livreddande tryggingstiltak og overvurderer eigne evner. Hamnar du i vatnet og er rusa, blir overlevingstida halvert, seier generalsekretær Elisabeth Fjellvang Kristoffersen i MA- Rusfri Trafikk i ei pressemelding.

Det er Kantar som på oppdrag frå MA- Rusfri Trafikk har gjennomført meiningsmålinga der tala kjem fram. Dei har vore i kontakt med eit representativt utval på 1135 personar.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)

Ei fersk undersøking viser at 63 prosent av den norske befolkninga ikkje veit at promillegrensa for fritidsbåtførarar er på 0,8. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK