Vilje Juvskås (24) frå Flatdal opna dørene til Budeia i Seljord.

Satsar på utelivseventyr med nesten urovekkande stå-på-Vilje 

Vilje Lovise Juvskås (24) opna den nye puben «Budeia» berre dagar etter at ho tok over nyklane til den gamle Fjellheimpuben i Seljord sentrum. Flatdølen er vand med mange jarn i elden, store draumar og lite søvn. 

Publisert

Heilt frå Vilje Juvskås blei tilsett på Fjellheimpuben i Seljord under leiinga av Børge Slettebø leika ho med tanken om å starte eigen bar ein dag. Då Slettebø bestemte at tida var inne for å gje stafettpinnen vidare denne sommaren fall valet på den driftige flatdølen. Under ei veke etter at ho tok over nyklane inviterte ho til opningshelg 3. og 4. juli av utelivssatsinga som har fått namnet «Budeia». Puben som har blitt døypt om til «Sætra» opna fredag, medan klubbkjellaren som har fått namnet «Fjoset» opna laurdag.

Nytt liv

Det har blitt lite søvn på den nye drivaren som i rekordfart har pussa opp i tide til den ambisiøse opningshelga. Lokala har fått ein grundig vask og nytt målingsstrøk i den sjølvdesigna fargen som blir kjenneteiknet til utelivssatsinga Budeia. Juvskås fortel at ho elskar tradisjonskulturen i Vest-Telemark, og fann det naturleg å la seg inspirere av denne. Logoen er mellom anna utforma med snirklande rosemåling.

Ung mann i raud T-skjorte står framfor ei bygning.
Arbeidsuniformene på Budeia skil seg ut.

Juvskås er også i gang med å endre inventaret. I andre etasje i publokalet Sætra har til dømes dei svarte sofaene blitt erstatta med møblar i meir gamaldags stil, henta i stor grad bruka. I kjellarlokalet Fjoset er det blitt ei lun stemning, med matchande lys til den nye budeia-fargen på veggane. 

Tomt lokale med runde bord, raude sittebenkar og varm bordlampe.
Det nye kjellarlokalet har, etter eit grundig vask, fått ny farge på veggane og nye ljos.

Målet er å tilby ein heimekoseleg og avslappa atmosfære, og fungere som heile bygda si storstove for gode opplevingar.

– Eg håpar folk kan få litt hytte-stemning og kjenne seg heime her, seier Juvskås. 

Også kjøleskåp og varelager er fornya, med andre typar øl og drinkar. Eit større utval alkoholfritt er også på veg. 

Fleksible opningstider

Publokalet Sætra har 18 års aldersgrense, medan klubben Fjoset har 20 år. Sjølv om dørene opna 19 var det stille i mange timar før dei fyrste gjestene kom begge dagane. Vilje fortel om nervepirrande timar den fyrste opningskvelden. 

– Då me hadde hatt oppe eit par timar i går, og det framleis nesten ikkje var nokon der, tenkte eg «kva er det eg har gjeve meg ut på».

Heldigvis raste det inn gjester då klokka bikka 23, og då teltet utanfor puben etter kvart husa over 100 stykk blei omsetnaden likevel god. Typisk at folk er treige utpå, meiner Vilje, og seier ho mest sannsynleg vil setje opningstida eit par timar seinare ved liknande høve. 

– Dette er jo ei testhelg for å sjå an stemninga litt, og så må me berre bygge opp herfrå, seier ho. 

Juvskås håpar å trekke fleire- og ulike typar folk med konkrete arrangement. I haust blir det til dømes Oktoberfest i puben og ein temakveld «Back to Colibri» i kjellarlokalet. Ulike jolearrangement er også på blokka. Då det blei klart at Noreg kom vidare til kvartfinalen i VM kasta ho seg rundt for å ordne lisensavtale til å vise kampen mellom Noreg og England komande laurdag.

Ho blir elles trygga av andre store arrangement i Seljord som Countryfestivalen og Dyrsku’n.

– Med så mange folk i sentrum vil me naturlegvis halde opent, seier Juvskås. 

To kvinner smiler og held kvar sin drink ved ein bardisk.
Julie Aasland Fjelle (25) og venninna og drivaren Vilje Juvskås (t.v.).


Alltid elska organisering

Vilje har vore initiativtakaren til ein haug med arrangement i Vest-Telemark i mange år, kanskje mest kjend for bygdepride-markeringane. Timevis med administrativt arbeid, alltid med den same risikoen om folk vil stille opp eller ikkje. Kor får ho motivasjonen frå? 

– Eg har alltid elska organisering, svarar ho enkelt.

– Det handlar vel om kjensla av å vere den som skapar noko som kan glede andre.

I staden for å trekke fram kva som er det beste med å stelle i stand arrangement fortel ho at det er «heile pakka» med arbeidet som ho likar. Det er mange ledd ein skal gjennom mellom draumen og gjennomføringa, og Juvskås vil helst ta styring i både planlegginga, økonomien, det fysiske arbeidet og vertskapsrolla. Uteliv og fest synest ho alltid har vore moro, oftast frå perspektivet til den som jobbar. 

– Sjølv drikk eg veldig lite alkohol, seier ho og trekker på skuldrene. 

Vilje Juvskås har arrangert bygdepride i alle kommunar i Vest-Telemark. Her med ordførar i Nissedal Ian Parry-Jones i fjor sommar.
Juvskås saman med Ingebjørg Nestestog Edland, Yngve Knausgård og Ea Kristine Bakken i arbeidet med pridemarkering i Vinje i fjor vinter.

Økonomisk teft

Korleis ho får tid til å drive med denne initiativtakinga er eit under, for Juvskås er stort sett tilsett i fleire andre jobbar på ein gong. Dei dryge 500 000 kronene ho har investert i bardraumen har kome frå oppsparte midlar. 

Å vere fri for gjeld er ein tryggleik ein ikkje kan underdrive når ein startar noko nytt, meiner Juvskås. Sjølv om ho sit inne med mange brennande idear, held ho hovudet kaldt økonomisk. 

– Varelageret eg har handla no kan eg til dømes betale med sparekonto, dersom det skulle gå heilt åt skogen. 

Ho meiner mange nyoppstarta gjer feil i å spytte inn for mykje med ein gong. I fyrste omgang har ho halde seg hovudsakleg til nedvask og måling, og mykje av møblane har ho fått tak i bruka. Mesteparten av jobben gjer ho åleine.

– Dette er ein «side-hustle», og eg er innstilt på å ikkje ta ut løn til med sjølv det fyrste året, seier ho. 

Sjølve firmaet blir ei vidareføring av Nordbygdi pub- og bardrift AS, som no har endring av namn til behandling. 

– Eg hadde ikkje satsa om eg ikkje trudde det kom til å gå i pluss på sikt, forsikrar ho. 

Tre menn sit saman ved eit bord i ein bar.
Knut Theodor Haugen (25), Jacob Tokle Finkenhagen (28) og Eiving Kvalem (27) var til stades på opninga av Fjoset laurdag.


Bånn gass

Vilje sin hovudjobb har dei siste to åra vore som flyvertinne i SAS. Stillinga i flyselskapet er timebasert som «ressurs», med store variasjonar i arbeidstid og mengd.

Kvinne i mørk uniform står på glasoverbygd gangbru.
Vilje på jobb i SAS.
Ei kvinne går framover i eit fotostudio med lysutstyr på sidene.
Dette biletet blei ein del av SAS sine reklamekampanjar som var å sjå verda over.



Det er ikkje berre passasjerfly som har gått opp og ned for Vilje dei siste åra. Ho har blitt vand med å takle media, ofte knytt til identiteten som offentleg transperson. I Vest-Telemark har ho møtt både hat og kjærleik, men blesten skremmer ho ikkje frå å satse i regionen. Draumen er å utvide Budeia til fleire avdelingar rundt om i Vest-Telemark. 

Juvskås fortel om store planar både privat og med pubdrifta medan ho gjer klart eit glas med iskaffi.  Med eit hektisk arbeid- og privatliv blir det mange seine kveldar, og sist veke var det stort sett vore jobbing til soli var på veg opp att. 

– Dette er iskaffi nr. 62, ler Juvskås som innrømmer at det har tatt på dei siste dagane. 

– Men det er ikkje fyrste gongen, og iallfall ikkje siste, seier ho.  

Det er tydeleg at det heller ikkje er fyrste gongen Juvskås taklar journalistar, for ho styrer enkelt kva sitat som er meint til saka, og kva som skal haldast privat.

– Eg har blitt så mediatrent at det nesten går automatisk no, ja er faktisk ganske dritlei det, sukkar ho før ho legg til – Ikkje VTB då sjølvsagt, om eg blir superkjendis så kan eg svare folk med «no thank you, I will only talk to Vest-Telemark blad», seier ho med eit blunk. 

Ei hand legg ein drikkeboks i eit glas på ein bardisk.
Det blei lite søvn og mange iskaffer på Vilje Juvskås i opningsveka.

Stolt stefar

Ein av dei i Budeia-uniform denne helga var Juvskås sin eigen stefar gjennom 10 år Hans Kristian Knudsen. Han let seg stadig imponere av Vilje sin enorme kapasitet. Som forelder er det likevel ikkje utan bekymring. 

– Ho er berre 24 år, og styrar med tre gardar og to jobbar, og snakkar stadig om utviding og nye idear. Mor hennar og eg prøvar stadig å bremse henne, men det er likevel ingenting me skulle sagt, for ho er vaksen og styrer sjølv. Me får berre hjelpe som best me kan, det er jo difor eg er her no, eg vil at det skal gå bra, seier ein rørt Knudsen idet klokka bikkar midnatt. 

Sjølv om det høge tempoet er tidvis urovekkande tvilar han ikkje det grann på Juvskås sine evner.

– Hadde eg hatt ein time med den økonomiske sansen som den jenta, så hadde eg vore stolt. Eg har sagt det at eg kan hjelpe til med å drive puben, men eg har absolutt ingenting med økonomien å gjere, seier han. 

Trass i fullt kjør og lite søvn dei siste dagane er stemninga god mellom far og dotter, no tilsett og sjef, idet dei poserer for eit siste bilete for kvelden. 

Mann i raud T-skjorte står ved eit oransje Budweiser-banner utandørs.
Hans Kristian Knudsen er stolt av stedottera.
To personar står ved ein rød bannervegg utandørs.
Trass mykje arbeid og lite søvn siste veka var stemninga mellom Vilje og Hans Kristian god laurdag kveld.
To personar smiler framfor ein raud vegg utandørs.
Trass mykje arbeid og lite søvn siste veka var stemninga mellom Vilje og Hans Kristian god laurdag kveld.


Powered by Labrador CMS