SAS og Norwegian ventar på reiseråd – kansellerer ikkje Spania-flygingar enno

Spania står i fare for å bli «raud» sone. Det kan ramme flygingar og i verste fall bli kostbart for flyselskapa.

– Vi held fram med å flyge, seier SAS til DN.

Medan pressesjef John Eckhoff i SAS stadfestar at dei kjem til å halde oppe flyprogrammet dei komande dagane og vekene, er Norwegian meir i tenkjeboksen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Norwegian vil ikkje seie til Dagens Næringsliv onsdag om det blir kanselleringar av flygingar med Spania i «raud» sone, men held moglegheita open.

– Det er for tidleg å seie om dette får konsekvensar for trafikken. Det er ikkje sikkert at endring til «raud» sektor inneber endringar, viss vi merkar at det framleis er interesse for å flyge mellom dei to landa, seier kommunikasjonsansvarleg Charlotte Holmbergh Jacobsson i Norwegian.

Folkehelseinstituttet (FHI) har åtvara om at Spania kan hamne i «raud» sone. Reisande frå Spania må i så fall i karantene, om reiseråda blir endra fredag. Den nye vurderinga kjem av aukande koronasmitte i delar av Spania dei siste dagane.

(©NPK)