Song: Gamle elevar i kor Køhmix bidrog med song, leia av Dagfinn Køhn.

Samla seg til jubileumsfest. – Fint å høyre kor mykje Kvitsund har betydd, for så mange

Laurdag var tidlegare tilsette, tidlegare elevar, støttespelarar og Kvitsundvener invitert til den vidaregåande skulen for jubileumsfest.

Det er 70 år sidan Norsk Luthersk Misjonssamband kjøpte Utsund i Kviteseid, som seinare fekk namnet Kvitsund. Dei fyrste åra var det framhaldsskule her. I 1974 blei det vidaregåande skule. Derfor vart det både 50- og 70-års feiring på den private skulen i Kviteseid laurdag.

Rektorar: Olav Mosdøl (f.v.), Jon Kvalbein, Håvard Brekkå, Leidulv Nesgård og Jonn Foldøy har tidlegare vore rektorar ved skulen. Sigrun Kvamme er konstituert rektor dette skuleåret.

Betyr mykje for bygda

Blant gratulantane var Tarjei Draugedal. Han er tidlegare kvitsundelev og nå ordførar i Kviteseid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kvitsund Gymnas betyr mykje for bygda, sa han.

Med sine 40 arbeidsplassar er det ein av dei største arbeidsplassane i kommunen.

Gratulerte med jubileet: Ordførar Tarjei Draugedal er sjølv tidlegare kvitsundelev.

Ordføraren ser også at Kvitsund er ein god Kviteseidambassadør, og at fleire av dei som flyttar til Kviteseid oppgjev at noko av årsaka til at dei flyttar til kommunen, er tilknyting til Kvitsund.

I vår vedtok Kviteseid kommune at dei ville støtte skulen med eit årleg tilskot på 125 000 kroner.

– Det er eit samstemt politisk miljø i Kviteseid som ynskjer at Kvitsund skal kunne utvikle seg vidare, og me skjønar ikkje at dei ikkje kan få idrettsfag, sa ordføraren.

Lyden av Kvitsund

Tidlegare kvitsundelev og nissedøl Torstein Eidem Nordal heldt festtale.

– Kvitsund er minne av menneske og alle lydane frå dei. Det er lyden av krit, blyant og tastatur, gode diskusjonar i klassen, særemne og stilla rundt eksamen. Kvitsund er lyden av lærarar som underviser, og parodien av dei. Det er lyden av sko som knirkar og ballar som sprett, lyden av russekrig, kano, grasbakkar og brettspel, sa han.

Heldt tale: Torstein Eidem Nordal kjem frå Nissedal, har gått på Kvitsund og jobba som sokneprest i Kviteseid. Nå bur han i Sandnes.

2.600 elevar

– Det er fint å høyre kor mykje åra har betydd, for så mange, seier Dag Erik Asdahl som jobbar som ungdomsarbeidar på Kvitsund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei har rekna på at det er 2.600 elevar som har blitt uteksaminert frå Kvitsund desse åra.

Asdahl fortel at det er 123 elevar frå heile landet som går på skulen i dag.

– Og dei var aktivt med og skapte ei levande ramme rundt dagen, med både historiske tilbakeblikk og glimt frå dagens skulekvardag.

Leia festen: – Det vart verkeleg ein fin dag med mykje folk, tydeleg uttrykt takksemd og herleg engasjement for Kvitsund, seier Dag Erik Asdahl (t.h.) etter festen. Her saman med styreleiar Svein Foldøy.
Tale av Torstein Eidem Nordal

For sytti og femti år sidan skapte forfedrane våre på denne staden ein ny skule med utgangspunkt i menneskets fridom, og kristen tru som grunnvoll. Trua på at alle menneske er skapte av Gud i kjærleik, med eit ukrenkjeleg menneskeverd, for å søkja kunnskap og kjenne frelsa. Me står i dag midt oppe i store brytningstider, som i lengda kan avgjere om denne skulen - eller nokon annan skule innvigd til same fridom - skal få overleve som pedagogisk alternativ og institusjon. Og med urolege tider i verda, vert me stadig minna om våre verdiar og kor heldige vi er som har fred.

I dag er me saman for å feire. Me vil heidre og markere kva denne skulen har betydd og betyr for så mange, og me vil løfte fram dei prinsippa som ligg til grunn for at Kvitsund har, og framleis skal ha, livets rett. Det er både rimeleg og rett at me gjer det.

Kvitsund byggjer verksemda si på to fundament, lik alle andre kristne friskular. Det eine fundamentet er det bibelske oppdraget gitt i det dobbelte kjærleiksbodet: å elska Gud «av heile ditt hjarte, av heile di sjel og av all din forstand og din neste som deg sjølv». Det andre fundamentet er menneskerettserklæringa som, i tillegg til religionsfridom og samvitsfridom, hevdar foreldres fridom og rett til å velje oppseding og opplæring for barna sine.

Det som gjer Kvitsund unik, er treeininga arbeidsplass, skule og heim. Treeininga er eit av det største mysterium til trua å halda saman og skilt. Og sjølv om talet finst, vil oppgåva med å finna summen av alle dei som har hatt Kvitsund som arbeidsplass, skule og heim opp gjennom alle desse åra, vera formidabel. Likevel meiner eg at det finst éin likskap for alle oss som har fått prøvd hjarta våre her, uavhengig av status, karakter og bakgrunn. Dei gongene me har kome tilbake til Kvitsund har me erkjent ei djup sanning. Kvitsund er for oss ingen ide, ingen visjon, ingen fundamental institusjon eller «berre ein skule». Det er menneska me møtte, som er Kvitsund.

«Eg har stoppa tida!» ropte Alfred Hauges karakter Bodvar Staup i Serafen, særemnet for oss russ 05. Og siste skuledag var dette vårt største ønske, at me kunne stoppe tida og vere på Kvitsund med venene våre for alltid.

For Kvitsund er minne av menneske og alle lydane frå dei. Det er lyden av krit, blyant og tastatur, gode diskusjonar i klassen, særemne og stilla rundt eksamen. Kvitsund er lyden av lærarar som underviser, og parodien av dei. Det er lyden av sko som knirkar og ballar som sprett, lyden av russekrig, kano, grasbakkar og brettspel. Kvitsund er lyden av gitaren som klimprar, lovsongen som stig og lyden frå 180 ungdommar i matsalen, med husfars plass i sideblikket. Kvitsund er lyden av jubel - frå Melodi Grand Prix, nattcup og «Gutta i trappa», og lyden av felles ekstase framfor fjernsynet for å sjå Noreg i fotball, handball eller langrenn. Kvitsund er lyden av steg frå dei som freistar å kome stille inn på fløya etter innetid, av kviskring i korridoren, latter som rungar, tårer som trillar, dører som slamrar og blir låste. Kvitsund er lyden av stup i Sundkilen, skeiser til Kviteseidbyen og smågodt på Shell.

Kvitsund er lyden av trafikk. Jubelen då kompisane kom med eigen bil, Lagsturar til Edland eller Treungen på hardt vinterføre, bussturar for å gå opp Gaustatoppen, tungtransport som køyrde forbi og tuta då me gjekk langs riksvegen, og dei som stoppa då me haika til og frå Dyrskun eller teoriprøva på trafikkstasjonen på Notodden.

Kvitsund er ikkje først og fremst minne frå ein plass, det er spor etter menneske. Frå eitt perspektiv er me derfor saman for å feira dei; feira menneska me møtte her, dei som på ein eller annan måte sette spor i våre liv. For utan Kvitsund hadde våre vegar kanskje ikkje kryssa kvarandre. Men: I eit vidare perspektiv kan me ikkje feira - me kan ikkje feirast - me kan ikkje festa sånn heilt utan vidare. Me må finna svaret på kvifor det er nødvendig å feira. Kvifor går ikkje dette jubileet forbi oss i stille?

Jenter og gutar som har gått inn og ut gjennom dørene her som elevar - mange av dei har vorte eldre kvinner og menn - har allereie hatt festen sin som gymnasiastar; avslutningsfesten med prosesjon og vitnemål, den dagen dei hadde sin siste skuledag og artium var bestått. På dette vitnemålet stod deira grunn til å feira: tolv-tretten års skulegang var endeleg over. Eg er ikkje her for å leggja noko til eller trekkja noko frå dén feiringa.

Det me seier her vil knapt merkast av russ 74, russ 86, russ 92, russ 03, russ 15, russ 21 - og alle imellom. Orda våre på denne dagen vil snart bli gløymde. Men det me har vore gjennom her, det me opplevde, erfarte sosialt og lærte fagleg, kan for mange av oss aldri blir gløymde. «Tre år er ikkje lenge i eit menneskeliv», skreiv Thorbjørn Aamaas i russeavisa vår for 19 år sidan, «men det er viktige år».

Det er derfor me - som arbeider for, trur på og i vår politiske overtyding meiner at Kvitsund har sin grunnleggjande rett til eksistens, skal vie oss til den ufullførte oppgåva som har ført oss så langt som 50 og 70 år. Desse åremåla er nådde takka vera alle dei som gjorde ein innsats, oppnådde resultat og framfor alt gav Kvitsund ein sjanse. Det er derfor me - som får lønna vår og pensjonen vår, som nyttar Kvitsund til ferie- eller familietradisjon - skal skipe oss til den store oppgåva som ligg framfor oss.

Vegen dit går gjennom erkjenninga av kva tida på Kvitsund har gjort med enkeltmennesket. Det var ikkje berre dagar som smakte søtt, til tider kunne smaken vere sur og bitter. Det var ikkje berre dagar fylte av glede, me kunne kjenne på skuffelsar, sorg, sinne og stille maktesløyse. Likevel er det frå denne erkjenninga av kva tida på Kvitsund har gitt, me kan henta fram den største motivasjonen og offerviljen for oppgåva. For det me vil, er at Kvitsund skal vera den arbeidsplassen, skulen og den heimen dei som søkte seg hit, drøymde om å få, i utgangspunktet. Det håpet dei hadde, det ønsket dei bar på, før ein einaste ein av dagane var talte, det er drivkrafta vår å sørgja for at ho blir oppfylt.

Me vil at den kjærleiken til livet og den trua på framtida som tende gneisten til å takka ja til plass på Kvitsund då tilbodet kom, skal bli røynd. I dag vil me feira prinsippa, menneska og draumane. Me gjer det ved å stadfesta vår overtyding om at gjennom alle dei åra Kvitsund har vore arbeidsplass, skule og heim, har ikkje eit av dei vore forgjeves, ikkje eit einaste eitt av dei. Me vil at ungdom skal møtast, formast og utfordrast til å bli samfunnsbyggjarar. Me vil at personalet skal vera førebilete, forpaktarar, forskarar, folkeopplysare og forvaltarar. Me vil at ungdom og vaksne skal finna ein identitet større enn dei sjølv, arbeida med ein himmel over livet, finna meining i kvardagen og læra å møta den andre med nestekjærleik.

Me vil oss ein arbeidsplass, ein skule og ein heim som er omgjevne av vakker natur, sosial tryggleik og fagleg meistring, men framfor alt av Guds vern for borna sine og menneskets omsorg for kvarandre. Me vil at dei som kallar Kvitsund «heime» ikkje skal gå åleine, utan å bli funne og ikkje bere på sorg utan å bli trøysta. Ingen skal kjenne på skam utan å få velsigninga, ingen skal kjenna på skuld utan å få tilgivinga. Ingen skal erfara nederlag utan å bli oppmuntra, og ingen skal kjenna grensene sine overskride utan å få oppreising. Ingen elevar eller personale skal ha sine år her utan vekst og utvikling, og ingen føresette skal sende sine håpefulle heimanfrå utan å vere trygge.

Alt dette vil me, derfor må me også arbeida for at det skal skje. Det gjer me ved å gi oss over til oppgåva og visa heile det norske samfunnet vårt at Kvitsund, og alle søsken blant kristne friskular, fortener sin plass i floraen av vidaregåande opplæring og kvar bidige subsidierte krone. For me driv ikkje «berre» ein skule. Me byggjer samfunnsborgarar, me utrustar leiarar, læresveinar og gründerar: her ved Telemarkskanalen blir Noregs framtid bygd!

Og til dette prosjektet er det ikkje lyden av fjerne minne frå ein meir og meir fjern fortid som driv oss. Det er lyden av ei indre drivkraft, ho kjem frå det bankande hjartet som me kjenner djupt inne i vår sjel: «Eg må! Eg må; så byr meg ei stemme i djupet til sjela, og eg vil følgja henne. Kraft eig eg, og mot til noko betre, til noko høgare, enn dette livet.» Slik lyder den første replikken i Henrik Ibsens stykke “Catilina”, frå 1849.

For siste ord om Kvitsund er ikkje sagde. Framleis skal det kome ungdom og vaksne hit og erfare det djupe mysteriet til treeininga og til tider uutgrunnelege fellesskapet mellom arbeid, skule og heim. Nye minne skal skapast på Kvitsund, nye venner skal møtast her. Og det beste av alt: endå fleire skal bli kjende med Han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. Difor skal me med Guds nåde halde fram mot det framtidsbiletet forfedrane våre hadde for denne staden. Me ser fram mot fridomen! Og difor arbeider me stolte og med takksemd nettopp i desse brytningstider. Me rettar ryggen og brettar opp ermane for at Kvitsund for Kristus ved kunnskap i Kviteseid ikkje skal utslettast eller gløymast, verken frå Samordna opptak, statsbudsjettet eller våre liv: «For eg er trygg på at han som byrja ei god gjerning i dykk skal fullføra henne, heilt til Jesu Kristi dag!». Gratulerer med dagen!