Salet av norske jordbær skal opp
Norgesgruppen, Bama og Gartnerhallen går saman om eit prosjekt som skal resultere i auka produksjon og sal av norske jordbær.
Målet er å auke salet med 50 prosent innan tre år.
– Det har gått feil veg for norske jordbær dei seinare åra. Etterspørselen er stor, men utvalet er dårleg, og prisane er høge. Vi ønskjer å redde dei norske jordbæra, seier kommunikasjonssjef Ingrid Solberg Gundersen i Norgesgruppen til Nationen.
Artikkelen held fram under annonsen.
For å nå målet må produksjonen opp i høgsesongen, men det er også eit ønske å få erstatta noko av importen i mai og juni med norske bær.
Ifølgje Nationen har tre firedelar av dei norske jordbærbøndene lagt inn årene dei siste 20 åra. Dyrkingsarealet for jordbær har òg gått kraftig ned.