Brann i terreng – brannvesenet har kontroll

Naudetatane rykker ut etter melding om «brann i terreng» ved Åmotsdalsvegen i Skorigrendi, melder politiet på Twitter.

Klokka 16.41 opplyser dei at brannvesenet er på staden, har kontroll på brannen og driv ettersløkking. Området som har brent skal vere på kring 20 mål.

Politiet gjer undersøkingar for å avdekke årsaka til brannen.