Sidan Luftfartstilsynet innførte «drone-førarkortet» ved nyttår, har 11.000 nordmenn teke det.Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Rundt 11.000 nordmenn har teke «drone-førarkortet»

Sidan Luftfartstilsynet innførte «drone-førarkortet» ved nyttår, har 11.000 nordmenn teke det – men rundt 400.000 nordmenn eig dronar.

Etter 1. januar må dei som skal flyge ein drone på meir enn 250 gram og som ikkje er merkt som leiketøy, registrere seg hos Luftfartstilsynet. I tillegg krevst det i fleire tilfelle eit kompetansebevis – eit såkalla «drone-førarkort», som ein skaffar seg på nettet.

– Talet på personar som har bestått A1/A3-eksamen for drone er 10.052. Dette skjer via eit digitalt kurs på ein eigen nettportal hos Luftfartstilsynet – og gjeld føring av mindre dronar, seier kommunikasjonsrådgivar i Luftfartstilsynet, Sanne Blom, til Nationen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samtidig har 845 nordmenn teke A2-eksamen for drone. A2-bevis omfattar føring av større dronar, og krev både praksis og ei eiga prøve utan hjelpemiddel gjennomført hos offentleg etat.

Ifølgje ei undersøking Opinion har gjort for interesseorganisasjonen i dronebransjen UAS Norway, eig omtrent 400.000 nordmenn éin eller fleire dronar. Samtidig melder Luftfartstilsynet at rundt 12.000 personar så langt i år har registrert seg som drone-operatørar i Noreg.

(©NPK)