Roar ned med gåsefjør og valnøttblekk – Eg trur me må tilbake til røtene
Ein vegbukk stenger inngangen til Borghild Telnes si dyrskubod. «Kurs pågår,» står det.
Innanfor bukken har Ane Sudgarden frå Langlim og Ishan frå India fått kvar si gåsefjør, og gjer sitt beste for å skrive kalligrafi.
– Trikset er å halde i ein viss vinkel og fylle på med nok blekk, smiler Ane, før ho igjen må konsentrere seg om bokstavane.
På andre sida av bordet har kjærasten Ishan allereie skrive fleire setningar med velforma bokstavar.
«Eg elskar Ane. Me er på Dyrsku’n.»
Setningane er på nynorsk, men Ishan snakkar engelsk og kjem frå India. Til dagleg bur paret i Göteborg, men nå sit dei konsentrerte og skriv i Hall A på Dyrskuplassen medan regnet trommar på taket. Ishan synest ikkje dyrskuvêret er så verst, for på denne tida av året er det regntid i India.
– Me kallar det monsun, forklarar han.
– Og der kan det vere syklonar innimellom også, sjølv om regnet stort sett fell rett ned.
– Du må då ha øvd på kalligrafi før?
– Han skriv alltid så fint, kjem det kjapt frå Ane.
– Til og med post-it-lappar om at me må hugse å kjøpe mjølk skriv han med slike fine fontar.
Tilbake til røtene
Borghild held eit auge med elevane medan dei krotar på med fjørene. Handverk som dette er viktig å ta vare på, meiner ho.
– Eg trur me må tilbake til røtene. Me må få handverk inn att i skulen, og i folks liv. Det handlar om at du roar deg ned når du gjer noko som går seint og som du må øve på for å meistre, forklarar ho.
Dette gjeld alle handverk, frå vidjebinding og smiing til måling og kalligrafi.
– Viss du driv med kalligrafi er du nok ofte glad i litteratur og dikt. Men det kan sikkert vere like god mindfullness i å måle.
Ane og Ishan er ferdige med arka sine, og Borghild kikkar på resultatet.
– Det er som regel ein bokstav ein får skikkeleg bra til. Den s-en fekk du til kjempebra, rosar ho Ane.
Så set ho til side bukken slik at boden vert open for nye skriveinteresserte – og Ane og Ishan dreg vidare på dyrskuferda medan dei viftar med arka sine så valnøttblekket skal tørke.