Ras: Store steinar og tre sperrar riksveg 41 ved Haugsjåsund. Geolog og fjellsikringsteamet til Mesta er på veg til rasstaden.

Riksveg 41 stengt i Haugsjåsund på grunn av ras

Riksveg 41 er stengt like nord for Haugsjåsund bru i Nissedal kommune etter at det tidlegare i dag fall ned steinar og tre på vegen. Geolog og et fjellsikringsteam er på veg til staden.

Like før klokka halv ni onsdag fekk Statens vegvesen melding om at nokon store steinar og tre hadde falle ned på riksveg 41 og sperrer vegen.

– Me er fyrst og fremst veldig glade for at ingen trafikantar var langs vegen då desse steinane fall ned. Nå er ein geolog på veg for å sjekke fjellsida, og i tillegg er eit fjellsikringsteam frå Mesta på veg til Haugsjåsund. Dei har utstyr for å reinske fjellsida når geologen gir grønt lys for det, seier Kjell Nordbø i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han legg til at før geologen har fått gjort sine vurderingar er det for tidleg å sei når riksveg 41 blir opna att.

– Det er skilta at vegen er stengt frå begge sider. For dei som kjem nordfrå er det omkøyring via fylkesveg 358 via Gautefall, og trafikantar sørfrå kan køyre via fylkesveg 515 via Felle, fortel Nordbø.