Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) legg fram revidert nasjonalbudsjett torsdag. Arkivfoto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK

Revidert nasjonalbudsjett: Slik påverkar det lommeboka

Regjeringa gjer få direkte inngrep i kvardagsøkonomien i det reviderte nasjonalbudsjettet, men budsjettet kan likevel få mykje å seie for lommeboka.

Regjeringa legg i forslaget sitt til revidert nasjonalbudsjett opp til auka oljepengebruk, noko som igjen kan gi auka inflasjon og deretter auka renter. For folk med mykje gjeld, kan kanskje dette bli den viktigaste effekten av budsjettet.

Budsjettet kjem også med oppdaterte anslag på kor mykje prisane i Noreg vil stige i år. Anslaget er på 5,4 prosent. Sidan lønnsforhandlingane i frontfaget enda på 5,2 prosent, kan det bety at enkelte lønnsmottakarar vil få mindre å rutte med i år. Frontfaget ligg til grunn for alle desse lønnsoppgjera.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire enkeltgrep:

Sjølv om det er få direktegrep som får noko å seie for heile befolkninga, er det fleire enkeltgrupper som får meir pengar:

* Viss du er pensjonist, kan du sjå fram til større utbetalingar framover. Pensjonistane får rundt 8 prosent pensjonsvekst i år. I tillegg blir det skattekutt for pensjonistar med låge pensjonar. Dette blir bestemt ut frå pris- og lønnsveksten.

* Alle som har ein pensjon lågare enn 370.000 kroner, får også skattelette.

* Regjeringa gjennomfører ei prisjustering for stønader og sosialhjelp.

* Regjeringa foreslår å hjelpe dei med låge inntekter og høge buutgifter med til saman 519 millionar kroner ekstra i bustøtte.

* Regjeringa foreslår å auke diettsatsane for trailer- og lastebilsjåførar. Satsane aukar frå 300 til 350 kroner per dag når sjåførane har såkalla utedøgn, der dei overnattar i bilen, skriv VG. Auken betyr i snitt ein inntektsauke på rundt 10.000 kroner.

* Det fylkeskommunale tannhelsetilbodet blir endra slik at personar frå 21 til 24 år berre skal betale 25 prosent eigendel. I budsjettforliket med SV om 2023-budsjettet var det opphavleg semje om alle opp til 26 år skulle få 50 prosent dekt. Men dette viste seg å vere vanskeleg opp mot regelverket for statsstøtte.

(©NPK)