Det er venta rekordstor fruktavling i Norge denne hausten.Foto: Frank May / NTB / NPK

Rekordmykje norsk frukt klar til hausting

Store mengder plommer og hausteklare eple bidreg til at det er rekordstor fruktavling i år, ifølgje Landbruksdirektoratet.

– Plommene frå Hardanger og Sogn er allereie på marknaden, og plommer frå resten av landet er forventa frå neste veke. Det er forventa store mengder plommer i vekene framover, då fleire sortar er forventa å modne samtidig, skriv direktoratet i vekeoppdateringa si.

Omsetninga av norske morellar er òg svært høg. Det er snart slutt på sesongen, men noko blir lagra for å auke tilgjenge av norske morellar i inntil tre veker framover.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samtidig er det knapt med norsk isbergsalat, ein situasjon som er venta å vare fram til september. Omsetninga av både blomkål og brokkoli har auka den siste veka.

Etterspurnaden etter agurkar er såpass høg at det er behov for å importere frå utlandet, og det same gjeld òg for tomatar.

(©NPK)