Direktør i Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK

Rekordmange vaksinedosar sendt ut til kommunane

135.000 personar er registrert vaksinert med første dose av koronavaksine. 30.066 har fått dose to, opplyser Folkehelseinstituttet.

Det sa FHI-direktør Camilla Stoltenberg på eit pressemøte torsdag.

95.000 dosar med vaksine er denne veka sendt ut til kommunane. Det er meir enn det har vore sendt ut på éi veke tidlegare.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er fordi vi har teke med ein stor del av det lageret vi hadde for å sikre at vi kunne setje andre dose til rett tid, med utgangspunkt i at vi har sett at sjølv om det har vore litt uvisse og variasjon i kor mykje vi får – så har det komme regelmessige leveransar frå Phizer.

Ho meiner derfor at tala for veke 5 vil stige betydeleg.

– Til no har vi distribuert over 200.000 dosar til kommunar og spesialisthelsetenesta. Desse er fordelte til dei som treng det mest, som er definert som risikogrupper.

(©NPK)