I 2019 vart det inngått 23.000 lærekontraktar, det var ny rekord.Foto: Frank May / NTB scanpix / NPK

Rekordauke i lærekontraktar

Mange elevar på yrkesfag har hatt vanskar med å skaffe seg lærlingplass. 2019 vart derimot eit rekordår, med 23.000 lærekontraktar.

Det er ein auke på 24 prosent frå 2012, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

Privat sektor gav opplæring til flest lærlingar, med cirka 73 prosent. Kommunal og statleg sektor stod for cirka 21 og seks prosent av dei nye lærekontraktane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Landet skal byggjast for ei grønare og meir berekraftig framtid, men det skjer ikkje utan lærlingane. Difor vert eg glad for å sjå at så mange ungdommar fekk ein læreplass å gå til i fjor. Samstundes investerer bedriftene i seg sjølve, og det som er framtida til sine tilsette, seier kunnskaps- og integreringsminister Trine Skei Grande i pressemeldinga.

I fjor var det flest nye lærlingar i bygg- og anleggsteknikk og færrast nye lærlingar i naturbruk. For seks av ni utdanningsprogram auka talet på lærlingar. Størst var auken i helse- og oppvekstfag, med 1400 fleire nye lærlingar samanlikna med 2012.

(©NPK)