Jasar: Bestanden blir halde under kontroll av gaupene, som også vitjar tunet til Reidar Carlsen.
Reidar Carlsens viltkamera
Reidar får stadig besøk i tunet: – Gauper må til, elles blir det for mange jasar
Reidar Carlsen ser titt og stadig besøk frå den kringliggjande skogen på viltkameraet.
Gaupe, elg, rev og jasar har alle blitt fanga opp på viltkameraet til Carlsen, på garden Øvrebø, som ligg i lia ovanfor Vinje kyrkje.
– Elgane vandrar fritt rundt på eigedomen, og eg er blitt godt vand med dei – dei er berre snille, fortel Carlsen.
– Eg har hatt mange morosame dyreopplevingar gjennom åra mine her. Eg forstår dyr, dei blir ikkje redde meg, det lærte eg som liten gut, held han fram.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP