I oktober auka fyllingsgrada i vassmagasina i Sør-Noreg med 14 prosentpoeng. Nedbør, import og mindre kraftproduksjon bidreg til meir velfylte magasin. Illustrasjonsfoto: Bjørn Sigurdsøn / NTB / NPK

Regn bidreg til å fylle magasina

Kraftimport, låg produksjon og vått vêr har bidrege til ein kraftig auke av fyllingsgrada i vassmagasina sør i Noreg.

Dette gjer at vi går vinteren i møte med meir tilgjengeleg kraft, skriv Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i ei pressemelding.

– Ein varm og våt haust var akkurat det vi trong i år. Det er gode nyheiter for magasinfyllinga og kraftsituasjonen denne vinteren, seier direktør Inga Nordberg i NVEs energi- og konsesjonsavdeling.

Artikkelen held fram under annonsen.

I førre veke auka magasinfyllinga i det sørlege Noreg med 1,9 prosentpoeng. Dei siste fem vekene har auken vore på 14 prosentpoeng.

– Det sørlege Noreg har sjeldan opplevd ein så kraftig auke i magasinfyllinga som det vi har sett i oktober. I alle delar av landet er magasinfyllinga no høgare enn på same tid i fjor, fortel Nordberg.

I tillegg held kraftprodusentane fram sør i landet å spare på vatnet. Førre veke vart det produsert mindre kraft enn normalt for årstida, og Noreg var nettoimportør av kraft. I oktober var kraftproduksjonen i sør 34 prosent – ein tredel – lågare enn snittet for dei siste fem åra, opplyser NVE.

– Når det blir produsert mindre kraft i Noreg, blir ein del av forbruket dekt av import. Det bidreg til at magasinfyllinga ikkje blir svekt, seier Nordberg.

Importert frå utlandet og Midt-Noreg stod for rundt 10 prosent av kraftforbruket i Sør-Noreg i oktober.

(©NPK)