Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol under fredagens pressekonferanse om koronasituasjonen. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK

Regjeringa strammar inn: – Dropp handtrykket

Regjeringa skjerpar kontrollen ved grensene, innfører koronapass-ordning og ber folk droppe handtrykket.

Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) seier regjeringa ikkje vil innføre nye nasjonale tiltak no, men seier dette kan vere rett rundt hjørnet dersom folk ikkje følgjer tilrådinga om å halde seg heime dersom dei er sjuke.

– Ganske mange av oss følgjer ikkje rådet om å halde seg heime, og berre må ta den turen på jobb, eller må ta den turen på skulen, sjølv om halsen er vond og hovudet verker. Det fører til stadig fleire smitta, stadig fleire sjuke og stadig større press på helsetenesta, seier Kjerkol.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kan innan kort tid føre til strengare nasjonale tiltak, men eg håpar vi slepper det. Så den klare oppmodinga mi er: Hald deg heime, seier Kjerkol.

Ho kjem òg med ei oppmoding om at folk droppar handtrykket og går tilbake til smittefri helsing.

– Mange av oss har byrja å handhelse igjen etter å ha brukt olboge, hand til hjartet, nikk og smil i halvtanna år. Eg vil no oppmode alle til å droppe handtrykket, seier helseministeren.

Negativ test gir gyldig koronasertifikat

På pressekonferansen kunngjorde regjeringa òg korleis koronapass skal takast i bruk innanlands. Dette er ikkje eit nasjonalt tiltak, men eit tiltak som kan innførast i kommunar og område med mykje smitte.

Sertifikatet gjeld berre fullvaksinerte, dei som har gjennomgått infeksjon og dei som har testa negativt dei siste 48 timane. Forskrifta om koronasertifikatet trer i kraft allereie fredag.

Føresetnaden for at kommunar kan byrje å bruke sertifikatet, er at dei har gjort vedtak om smitteverntiltak.

– I tillegg må kommunane ha eit tilbod om gratis hurtigtest til dei som ikkje er vaksinerte. Dei arrangementa og verksemdene som skal bruke koronasertifikat, bruker ein kontrollapp for å kontrollere om sertifikata er gyldige. Barn og ungdom under 16 år treng ikkje koronasertifikat, påpeikar Kjerkol.

Helsedirektoratet vil lage ei rettleiing til kommunane om korleis dei kan og bør regulere bruk av koronasertifikat.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skjerpar grensekontrollen

På pressekonferansen kunngjorde regjeringa at innreiserestriksjonane blir både innskjerpa og lempa på.

Alle kan reise inn til Noreg på same måte som før pandemien, men no må alle registrere seg i eit innreiseregistreringssystem. Alle innreisande får plikt til å vise fram stadfesting og eventuelt koronasertifikat til politiet ved kontroll.

Samtidig innfører ein igjen kravet om attest for negativ test teke i løpet av 24 timar før innreise for dei som ikkje kan dokumentere at dei er fullvaksinerte, eller har gjennomgått covid-19 siste seks månader.

– Det er framleis grunnlag for å vise bort utlendingar som ikkje overheld krava, og også nordmenn kan bøteleggjast eller meldast dersom dei ikkje oppfyller krava, seier justisminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Sterk vaksine-oppmoding

Regjeringa understreka igjen under pressekonferansen på fredag at vaksinasjon er det viktigaste tiltaket mot smittespreiing.

No vil dei ha fart i vaksinasjonen med oppfriskingsdose til alle over 65 år. Dette vil dei ha klart før jul.

– Vaksinane gir godt vern mot smitte og sjukdom, men effekten minkar over tid. Det gjeld spesielt dei eldste. Derfor er det veldig viktig at dei får den tredje dosen så fort som mogleg, seier Kjerkol.

Ho seier mange av dei som er innlagde på sjukehus no, er eldre personar som vart vaksinerte på seinvinteren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho ber òg kommunane om å sørgje for at 16-åringane og 17-åringane no får den andre vaksinedosen sin.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl under fredagens pressekonferanse om koronasituasjonen. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK