Statsminister Erna Solberg (H) og kunnskapsminister Guri Melby (V) vitja Ellingsrudåsen skole i Oslo måndag. Her fekk dei møte elevar på barnetrinnet som har starta på skulen att etter seks veker med heimeskule. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

Regjeringa planlegg å leggje fram eit vegkart for vidare skuleopning neste veke

Måndag opna skulane igjen for elevar i 1.- til 4.-klasse. Neste veke får eldre elevar vite meir om når dei får kome tilbake til skulen.

– Vi har tenkt å leggje fram ein plan for vidare skuleopning neste veke, seier kunnskapsminister Guri Melby (V) til NTB.

– Då vil ein få svar på kven som skal kome inn, og kva datoar som vil vere aktuelle for dei ulike elevgruppene, seier Melby

Artikkelen held fram under annonsen.

Framleis er det heimeskule som gjeld for elevar i 5.- til 10.-klasse etter at skulane stengde 12 mars. Elevane på dei yngste trinna, og dessutan elevar på yrkesfag på dei to siste trinna på vidaregåande fekk likevel kome tilbake til skulane måndag 27. april – innanfor strenge smittevernreglar.

– No er vi nøydde til å få erfaringar med korleis opninga går for dei minste borna, og for nokon av dei eldste. Og så må vi sjå det i samanheng med alt anna òg, både smitteutviklinga i samfunnet, testkapasitet, kapasitet på sjukehusa og ei rekkje andre spørsmål. Men vi har sagt heile tida at målet er at alle born skal tilbake på skulen før sommaren, held Melby fram.