Kommunalminister Nikolai Astrup lovar meir pengar til kommunane neste år. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

Regjeringa lovar kommunane auka inntekter neste år

Regjeringa lovar kommunane mellom 1,6 og 2 milliardar kroner meir å rutte med neste år, sjølv om skatteinntektene kan rase på grunn av koronakrisa.

– Det er altfor tidleg å seie korleis det vil utvikle seg. Men det er naturleg å anta at skatteinntektene blir lågare i 2021 enn det dei var i 2019, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) til NTB.

Tysdag legg han fram kommuneproposisjonen, som skal gi kommunane ein peikepinn for den økonomiske situasjonen til neste år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Der legg regjeringa til grunn at kommunane og fylkeskommunane vil ha ein vekst i frie inntekter på mellom 2 og 2,4 milliardar kroner i 2021. For kommunane åleine er veksten berekna til mellom 1,6 og 2 milliardar kroner.

Anslag i revidert

Dei frie inntektene til kommunane består av tilskot frå staten og skatteinntekter.

Berre i 2020 har KS berekna at kommunane vil tape opp mot ti milliardar kroner i skatteinntekter på grunn av den økonomiske krisa. Dersom fallet held fram inn i neste år, må altså staten bla opp meir for å sikre veksten som no blir lova.

I revidert nasjonalbudsjett, som også blir lagt fram tysdag, har regjeringa laga anslag for korleis kommuneøkonomien blir i inneverande år.

– Vi har sett ned ei arbeidsgruppe, der også KS inngår, der vi skal sjå på meirutgifter knytt til koronakrisa og inntektsbortfall. Nokre av desse spørsmåla får vi ikkje svar på før mot slutten av året, til dømes skattetapet, seier Astrup.

Peikepinn

Dermed er det endå vanskelegare å gjere utrekningar for neste år.

– Når vi no legg opp til ein vekst i dei frie inntektene, gir det eit viktig signal til kommunane når dei skal lage budsjetta sine om at det blir ein auke, seier han.

Stortinget har understreka «at kommunane og fylkeskommunane skal kompenserast for verknader av skattesvikt, inntektsbortfall og meirutgifter i samband med koronaepidemien.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil ikkje spare

Sjeføkonom Torbjørn Eika i KS seier det viktigaste er at kommunane føler seg trygge på at dei får ein akseptabel økonomi framover.

– Det er viktig at kommunesektoren ikkje set i gang innsparingstiltak som bidreg til å forverre den økonomiske situasjonen i Noreg. Normalt tenkjer ein at kommunar som sparer pengar, det er bra saker. Men akkurat no ønskjer ein ikkje det, seier Eika til NTB.

Han håper at staten òg vil bruke kommunane til å stimulere økonomien i krisa.

– Det må gå til prosjekt som ligg høgt oppe på prioriteringslistene til kommunane, men som dei elles ikkje hatt råd til, seier han.

Nye utrekningar

Til hausten vil regjeringa gjere nye utrekningar og justeringar for å sikre at kommunane vil få overføringar i tråd med det som no blir lova. Dersom fallet til det vente i skatteinntektene totalt, vil kommunanes del bli justert opp.

– Ingen er urørt av denne krisa. Det er den største økonomiske nedturen sidan 30-talet. Det påverkar nasjonen Noreg, påverkar staten, og påverkar òg kommunane. Vi prøver etter beste evne å skjerme tenestene kommunane leverer, seier kommunalministeren.

Han meiner det er viktig at regjeringa gir kommunane stabile rammer for neste år og at det sjølvsagt kan bli aktuelt å komme med nye tiltak retta mot kommunesektoren dersom det blir behov for det.

– Vi må vurdere behovet fortløpande, men slik situasjonen er no, er det ikkje noka akutt pengenød i Kommune-Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)