Blir billigare: Frå august neste år blir det billigare å ha ungar i barnehage over heile landet. Ekstra kutt blir det for dei som bur minst sentralt, slik alle i Vest-Telemark gjer. Tokke ordførar Jarand Felland (Sp) er glad for tiltaket frå regjeringa. Her i Dalen barnehage samen med avdelingsleiar og pedagog Johanne Seltveit i Dalen barnehage.

Regjeringa kuttar barnehageprisane til 1500 i månaden. – Fantastisk godt tiltak

Frå 1. august neste år blir barnehageprisane kutta til 2000 kroner i månaden og til 1500 i dei minst sentrale kommunane, slik som Vest-Telemark. Det opplyser regjeringa.

Nyheita vart presentert av statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum på St. Olavs barnehage i Sarpsborg tysdag morgon.

– Dette er eit historisk løft for velferda og for at barnehagar er tilgjengeleg for alle. Eg er veldig stolt av dette grepet og håpar at familiar over heile landet ser at dette er eit grep regjeringa gjer som gagnar dei, seier Brenna til NTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

I dag er maksprisen for barnehage på 3000 kroner i månaden. Dei fleste barnehagar har elles også eit tillegg for mat. Barnehage er alt gratis for familiar i tiltakssona i Troms og Finnmark.

Rimelegast på bygda

Regjeringa har alt gjort barnehage gratis for barn nummer tre i barnehage og oppover. Sidan det i tillegg er søskenmoderasjon på 30 prosent for barn nummer to, vil den maksimale prisen ein familie må ut med for barnehage – same kor mange barn dei har i barnehage samtidig – bli på 3400 kroner i månaden med dei nye prisane.

Frå 1. august neste år kuttar regjeringa også prisane ekstra i kommunar med sentralitet 5 og 6 til 1500 kroner i månaden. SSB deler norske kommunar inn i ein sentralitetsindeks frå 1–6 der 1 er dei mest sentrale kommunane og 6 er dei minst sentrale. Totalt er det 212 kommunar i desse to kategoriane, og alle dei seks kommunane i Vest-Telemark tilhøyrer desse to kategoriane. Seljord og Kviteseid kategori 5, medan Fyresdal, Nissedal, Tokke og Vinje er i kategori 6.

Ordførar i Tokke, Jarand Felland, er glad for nyheita frå regjeringa.

– Eg synest dette er eit fantastisk godt tiltak av regjeringa som vil hjelpe folk i ein periode der ting blir dyrare, seier han.

I Tokke har dei god barnehagedekning med ny barnehage i Høydalsmo, og grendebarnehagane i Byrte og på Åmdals Verk som begge har blitt gjenopna dei siste åra. Dalen barnehage er bygd for seks avdelingar, lenge var berre fire avdelingar i bruk, men nå er fem av avdelingane i bruk i den største barnehagen i kommunen.

Gladnyheit: Ordførarkandidat Dordi Iren Fosse Didriksen meiner denne endringa er bra for tilflytting til distrikta.

Også i Kviteseid gler dei seg over tiltaket.

– Dette vil gje halv pris på barnehageplass i kommunen vår, seier Dordi Iren Fosse Didriksen

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho meiner det er særleg kjærkome med ei endring som kjem småbarnsforeldre i etableringsfasen til gode.

– Å stimulere til tilflytting til kommunen vår er høgt prioritert for Senterpartiet og her har me fått ei gåvepakke frå regjeringa og partiet sentralt, seier ho.

Endringane blir lagde inn i neste års statsbudsjett, og vil koste om lag 1,5 milliard kroner i 2024. Heilårseffekten blir på litt over 3 milliardar kroner.

Kuttar: Statsminister Jonas Gahr Støre og regjeringa kuttar i barnehageprisane.

(©NPK)