Finansminister Trygve Slagsvold Vedum møtte pressen utanfor statsrådsbustaden sin i samband med tilleggsproposisjon for statsbudsjettet måndag morgon. Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK

Regjeringa kuttar 2,9 milliardar i straumavgifta

På grunn av dei høge straumprisane vil den nye regjeringa leggje fram eit kutt i straumavgiftene på 2,9 milliardar kroner.

Det er finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) som opplyser om kuttet til NRK måndag morgon. Klokka 12 skal regjeringa leggje fram forslaget sitt til endringar i statsbudsjettet.

– I vintermånadene, frå januar til mars, kuttar vi elavgifta med cirka 48 prosent. Resten av året kuttar vi med cirka 9 prosent, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Artikkelen held fram under annonsen.

Han omtaler tiltaket som eit tungt kutt som vil innebere at staten får 2,9 milliardar mindre inntekter frå straumavgifter i løpet av neste år, samanlikna med i år.

Kuttet vil utgjere om lag 10 øre kilowattime frå januar til mars. Analytikar Tor Reier Lilleholt i Volue Insight seier til E24 at ein privatperson kan spare mellom 500 og 1.000 kroner gjennom vinteren dersom ein legg eit forbruk på 3.000 kilowattimar per månad til grunn.

Men han legg til at staten òg har store auka inntekter som følgje av den høgare straumprisen.

– Ein betalar 25 prosent moms av kraftprisen, så staten har enorme inntekter når prisane er høge, seier Lilleholt.

Ifølgje straumbørsen Nord Pool er det venta årsrekord på 2,8 kroner per kilowattime måndag ettermiddag. Med nettleige og alle andre påslag vil det innebere ein pris på rundt 4 kroner per kilowattime for vanlege hushald.

Den høge prisen vil innebere at ein vanleg dusj vil koste om lag 20 kroner måndag ettermiddag.

(©NPK)

Prisen på straum når stadig nye høgder, og regjeringa vil kutte 2,9 milliardar i elavgifta for å avlaste forbrukarane gjennom vintermånadene. Foto: Paul Kleiven / NTB / NPK