Regjeringa innfører mellombels forbod mot at folk kan opphalde seg på hytta i ein annan kommune enn heimkommunen.Illustrasjonsfoto: Inger Robøle Kristiansen / NPK

Regjeringa forbyr opphald på hytte utanfor heimkommune

Helseminister Bent Høie (H) forbyr opphald på hytte utanfor heimkommune. Det blir ingen dispensasjonsmoglegheiter.

Det blir gjort nokre unntak, mellom anna for familiar der éin familiemedlem er stadfesta smitta, men ikkje dei andre.

Då kan resten av familien vere på hytta slik at ein unngår at dei òg blir smitta, medan den som er sjuk må vere heime, opplyste statsråden på ein pressekonferanse torsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då vil ein forhindre at friske familiemedlemmer blir smitta ved å bruke same bad og kjøkken, til dømes, seier Høie.

Ein kan bli bøtelagt dersom ein bryt forbodet.

Sender ikkje ut politiet

– Mange spør seg no: Skal vi sende politiet på jakt etter hyttefolk? Det skal vi ikkje. Det er jo slik at dei fleste i Noreg er lovlydige, og derfor trur vi at eit forbod vil bli følgt av dei aller, aller fleste, seier justisminister Monica Mæland (H).

Høie, Mæland og også statsminister Erna Solberg (H) har dei siste dagane gjenteke i sterke ordelag beskjeden om at hytteturistar må reise heim.

Etter å ha forhøyrt seg med fylkesmennene, vedteke Høie torsdag å innføre eit forbod. Sju av ti fylkesmenn bad om at forskrifta måtte innførast.

Omsyn til kapasitet i helsetenesta

Mange har dei siste dagane bede hyttekommunen om dispensasjon. Vanlege argument er at ein er mindre utsett for smitte på hytta enn heime, men helseministeren avviser at ein kan leggje vekt på dette.

– Det handlar ikkje om det. Det handlar om omsynet til små kommunar som har mange fritidseigedommar. Dei har ikkje kapasitet til å ta seg av sjuke hyttefolk, seier han.

Forbodet vil vere i lovs form, slik at det ikkje blir nokon moglegheiter for dispensasjon. Det vil stå i lova kven som er unntatt forbodet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ordføraren er lite imponert over hytteforbodet: «Det må vere den sikraste måten å få smitte til Vinje kommune på. Eg har gjeve opp å vente på at regjeringa skal forstå alvoret.»