Skal leie frivilligsentralen: Frå 1. april tar Regine Hestehagen Heimdal over stillinga til dagleg leiar ved Kviteseid frivilligsentral, Cecilie Austjore-Hosum, når ho skal ha permisjon. – Alle i styret er trygge på at Regine vil gjere ein god jobb, ho er engasjert og motivert, seier Austjore-Hosum.

Regine låner jobben til Cecilie. – Eg vil jobbe for gode tilbod i heile kommunen

Medan Cecilie Austjore Hosum har permisjon vil Regine Hestehagen Heimdal (31) ta hand om frivilligsentralen i Kviteseid.

Kviteseid frivilligsentral blei starta i 2021 og har sidan oppstarten fått til mykje aktivitet og lokale tiltak i kommunen. Dagleg leiar Cecilie Austjore-Hosum ventar nå sitt andre barn, og arbeidet med å finne vikar til stillinga starta tidlegare i vinter.

Austjore-Hosum skal ha permisjon i 14 månadar. Heimdal har permisjon frå stillinga som tilretteleggar hos Kvito, arbeids- og inkluderingsbedrifta i Vest-Telemark, medan ho skal fungere som dagleg leiar i Frivilligsentralen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å søke. Men så kom Cecilie innom og me snakka litt om stillinga og eg såg kor interessant den er. Eg har sett kor mykje bra Cecilie har fått til med frivilligsentralen og me i Kvito har hatt eit godt samarbeid med henne mellom anna om utstyrssentralen, fortel 31-åringen som har vakse opp i Kviteseid og har ei dotter på 9 år.

– I denne jobben kan ein vere med på mykje gøy i staden for å setje avgrensingar, meiner duoen som har jobba saman nokre dagar.

Les også
Kommunen gjev økonomisk støtte til drift av utstyrssentralen

Bygge det gode vidare

Heimdal meiner Kviteseid er ei skikkeleg dugnadsbygd, og vil gjerne vere med å støtte opp om initiativ og idear lag og foreiningar har.

– Og eg skal sjølvsagt bygge vidare på alt det gode arbeidet Cecilie har starta med frivilligsentralen, seier Heimdal som har ein relasjon til dei fleste grupper på grunn av tidlegare engasjement.

– Eg vil jobbe for gode tilbod og aktivitetar i heile kommunen. Eg håpar at folk vil ta kontakt dersom det er noko dei saknar, for frivilligsentralen vil gjerne samarbeide og hjelpe til, seier Heimdal.

Austjore Hosum seier at frivilligsentralen har blitt godt etablert, og at det er mange som tar kontakt og spelar inn idear.

– Til nå har me fått til mykje og fått inn mykje midlar, så kanskje me kan vere med å inspirere andre til å ta sjansen for ideen dei sit med slik at dei gjennomfører, seier ho.

Meir til utlånssentralen

Austjore Hosum fortel at dei mellom anna har fått midlar slik at dei kan kjøpe inn meir til utstyrssentralen Bua som ligg i Kvito sine lokale på Flatin.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I tillegg til vinterutstyr har me kjøpt inn klatreutstyr, telt, soveposar og håpar på meir pengar frå Udir slik at me kan handle endå meir for utlån, for denne plassen ynskjer me å utvikle vidare, seier den dagleg leiaren.

Frivilligsentralen har også planar om eit ungdomsarrangement på fredag på Victoriafestivalen og fleire ting som skal skje for dei unge gjennom året.

– Stolpejakta kjem også, nytt i år blir eit kunstkart der ein kan finna plassar der kjente kunstnarar har måla sine motiv, seier Austjore-Hosum.

– Me skal også få på plass eit stort sjakkbord i stein nede i sentrum. Det hadde vore fint å kopla sjakkspel med både unge og eldre på eit arrangement, seier Heimdal.