SAR Queen: Vêrutfordringar lenger vest i fylket gjorde at redningshelikopteret frå Rygge landa i Seljord og venta på ambulanse.

Redningshelikopteret fann Eventyrøy i Seljord lagleg som landingsplass

Dei nye redningshelikoptera, SAR Queen, vil bli meir å sjå i Vest-Telemark framover. Det opplyser avdelingsleiar for prehospitale tenester ved Sjukehuset Telemark, Knut Inge Brekka Skoland.

For nokre veker sidan landa eitt av dei nye SAR Queen-helikoptera på Eventyrøy i Seljord. SAR står for Search And Rescue. Desse nye flya, som er organisert under Luftforsvaret, erstattar Sea King-helikoptera. Redningshelikoptera er utstyrt som eit lite, flygande sjukehus, i tillegg til avansert teknologi for søk og redning.

Lagar vindstøy

Tidlegare var det etablert ein helikopterlandingsplass over vegen for legekontoret i Seljord. Denne forsvann då den nye skysstasjonen kom i same området. Knut Inge Brekka Skoland fortel at det då blei ein diskusjon om dette, der mellom anna vindstøy blei vurdert. Han forklarar vidare at det ikkje er noko lovpålagt krav om å etablere slike landingsplassar, og at den tidlegare landingsplassen i Seljord kom i stand etter initiativ frå ambulansetenesta og legevakta, og at kostnadane ved tiltaket blei dekt av Seljord kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Landingsplassen forsvann: Etter at den nye skysstasjonen i Seljord blei etablert må helikoptera finne andre landingsplassar.

Han fortel vidare at luftambulansen, altså dei gule helikoptera, kan lande dei fleste stadar; til dømes i ein hage eller midt i vegen – så lenge det er vêr til det. Desse flya kjem primært frå Arendal, Ål eller Lørenskog. Når det gjeld redningshelikoptera, som er tre gonger så store som luftambulansen, og gjev dermed eit tre gonger så stort lufttrykk, er desse stasjonert på Sola eller Rygge.

– Denne helikoptertypa, på folkemunne SAR Queen, kjem me nok til å så meir av i Vest-Telemark framover, legg Skoland til.

Ikkje krav: – Det er ikkje noko lovpålagt krav å etablere helikopterlandingsplassar, forklarar avdelingsleiar for prehospitale tenester ved Sjukehuset Telemark, Knut Inge Brekka Skoland.
Rednings- og luftambulansetenesta

Redningshelikoptertenesta er ei avdeling i Luftforsvaret som driv redningshelikopter på fastlandet. Tenesta har base på Banak, Bodø og Tromsø lufthamn, samt Sola, Ørland og Rygge flystasjon. Dei tidlegare Sea King-helikoptera blir no bytta ut med helikoptertypen SAR Queen.

Norsk luftambulanse AS er eit privat helikopterselskap som driv luftambulanseteneste. Selskapet blei etablert i 1977, og nyttar dei 13 basane her til lands; Trondheim, Førde, Bergen, Stavanger, Ål, Dombås, Lørenskog, Arendal, Evenes, Brønnøysund, Tromsø, Kirkenes og Ålesund på kontrakt frå den statlege luftambulansetenesta.

Stiftinga Norsk Luftambulanse er ein ideell medlemsorganisasjon som blei stifta i 1977 av legen Jens Moe saman med ei rekkje eldsjeler. Stiftinga driv luftambulanseteneste gjennom dotterselskapet Norsk Luftambulanse AS, og arbeidet er finansiert av privat innsamla midlar frå støttemedlemer og bedrifter.

Luftambulansetenesta HF er frå 2017 eit helseføretak som dei fire regionale helseføretaka i landet eig.

(Kjelde: wikipedia.org)