Kristian Solbakken, leiar i Rauland snoskuterklubb.
Kristian Solbakken, leiar i Rauland snoskuterklubb.

Rauland snøskuterklubb: – Det er heilt andre haldningar til ruskøyring no enn for 15 år sidan

Leiar i Rauland snoskuterklubb, Kristian Solbakken, trur at løypenettet har redusert talet på rusa skuterførarar.

Rauland snoskuterklubb har om lag 500 medlemmer, og arbeider for å leggje til rette for eit godt løypenett for alle brukarane sine.

– Snøskuterklubben vart etablert i 1987, og hovudarbeidsoppgåva til klubben i dag er å leggje til rette, stikke eller merke løypene og halde løypenettet ope når det er føre til det, seier leiar i snøskuterklubben Kristian Solbakken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rauland snoskuterklubb har tilbod om 150 til 200 kilometer med løyper, og Solbakken seier at klubben har eit godt samarbeid med Møsstrond og Hauk snøskuterklubb.

Ynskjer å knute alt saman

Årets løypenett blir som tidlegare, men Solbakken fortel at dei arbeider for å knyte saman fleire bygder og grender til dei eksisterande løypene slik at ein på dette viset kan hindre ulovleg køyring inn til eksisterande løyper.

– Ein kan også gjere det enklare for brukarane til dømes ved at dei slepp frakte snøskuteren på hengar frå heimen til ein av løypenetta. Målet vårt er å ha dette klart til sesongen startar, seier Solbakken.

Rauland snoskuterklubb legg til rette for løypetrasear i Vinje kommune i godt samarbeid med klubbane på Møsstrond og Haukeli. 	Arkiv
Rauland snoskuterklubb legg til rette for løypetrasear i Vinje kommune i godt samarbeid med klubbane på Møsstrond og Haukeli. Arkiv

Takk til grunneigarane

Det har vore eit fast løypenett i Vinje kommune i fleire år, og komande vinter er det den tredje sesongen «alle» har høve til å nytte løypenettet – dersom ein har godkjent løyve eller har kjøpt dagsløyve.

– Kva erfaringar har de gjort etter at løypenettet vart opna for «alle»?

– Mange var nok skeptiske, men eg meiner det har vore positivt. Skuterklubben jobbar med å få løypene i orden, og legg til rette for lovleg og trygg køyring, seier Solbakken og legg til at det er grunneigarane som skal ha takka for at dette har kome på plass, det er dei som stiller eigedomane til disposisjon slik at skuterklubben kan stikke løypene for brukarane.

Fungerer bra

Solbakken meiner at køyring i løypenettet stort sett fungerer bra.

– Nokre konfliktar har me nok hatt, men eg trur ikkje det er mykje her kontra andre stader folk køyrer snøskuter. Med løypenettet har me skilt skiløyper frå snøskutertrase, og eg meiner også at løypenettet er med på å gjere politiets jobb med kontrollar enklare, seier Solbakken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Betre haldningar

– Kva erfaringar har de med tanke på bruk av snøskuter og alkohol?

– Eg føler utviklinga har gått rett veg. Om ein til dømes går 15 år tilbake i tid er det heilt andre haldningar til køyring og promille i dag, seier Solbakken, men legg til;

– Nå får ikkje snøskuterklubben med seg kva som skjer på nattetid, men det blir halde kontrollar i løypenettet av politiet. Kva resultata viser kan sikkert politiet sjølve seie noko meir om. Snøskuterklubben er med på å leggje til rette med eit løypenett, meiner eg – så får politiet ta oppgåva med å kontrollere førarane, seier Solbakken.