annonse

Ragnhild har jobba på DPS i Seljord sidan 1995: Openheita om psykiske plager har blitt større

På arbeidsplassen
På arbeidsplassen: Aarrestad framfor DPS-bygget ho har brent for gjennom mange år. (Foto: TORLEIV BERDAL)

Overlege Ragnhild Aarrestad (66) er takksam for alle pasientane som har vist henne tillit ved å kome til henne med sine psykiske plager.

  • Torleiv Berdal

20. desember går Aarrestad av med pensjon. Ho kan sjå attende på fleire tiår i psykiatriens teneste. Sidan 1995 har ho jobba ved Distrikts Psykiatrisk Senter (DPS) i Seljord.

Ho utdanna seg til ålmennlækjar og praktiserte det, før ho ved ein slump fekk tilbod om å arbeide ved den psykiatrisk avdelinga på Notodden sjukehus. Ho syntest tilbodet var spanande og var open for forandringar. Det har ho ikkje angra på.

Samarbeid med ulike aktørar

I tillegg til å vere ein samtalepartnar for pasientar, har ho også vore med på å byggje opp poliklinikken ved DPS i Seljord. Poliklinikk vil seie eit tilbod der ein er innom for å snakke med ein psykiater eller ein psykolog ein time eller to. Pasienten bur altså ikkje på DPS. Poliklinikken vart opna i 1995 og var eit resultat av at ein ville flytte psykiatritenesta ut i distrikta. Då var samarbeidet med kommunane viktig.

– Eg arbeidde ein del med å gjere oss kjente med kommunane og samarbeidspartnarar der. Ein ting er kva me på DPS kan gjere, men pasienten bur i ein kommune der han eller ho har vener, skule, kanskje arbeidsplass og kommunale tenester ein nyttar seg av. Difor var det viktig å samarbeide med dei som hadde den daglege kontakten med pasienten på heimstaden. Slik kunne me hjelpe pasienten til eit betre liv, seier Aarrestad.

Overlegen i psykiatri har bruka mykje gruppesamtaler og kognitiv terapi i behandling av pasientane sine. Det er ei behandlingsform ho har stor tru på. Kognitiv terapi går ut på at ein utforskar til dømes tankemønster ein har og situasjonar ein synest er vanskelege. Pasientar lever i eit samspel med andre menneske og er eit produkt av til dømes venefloken eller samfunnet dei er ein del av. Så korleis ein tenkjer i samband med omgjevnaden sin er viktig for pasientens utvikling. Dette er noko av tankegodset bak kognitiv terapi og gruppeterapi.

Er skeptisk til utviklinga

Sjølv om psykiatrien er godt utbygd i distrikta i dag, der kvar kommune gjerne har ei psykiatrisk avdeling kor ein kan få hjelp, så ser Aarrestad nokre utfordringar og trekk med helsevesenet som ho ikkje er heilt glad for. Sentraliseringa og privatiseringa som no skjer har ho lite tru på og Aarestad er redd for at det felles gode som helsevesenet er, skal bli utarma av fritt behandlingstilbod og tenking av helsetenester som butikk der innleggingstida vert kortare og kortare for pasientar.

– Mange pasientar har bruk for ei viss tid når dei vert innlagde, seier Aarestad.

Vidare tenkjer Aarrestad at skamma og stigmatiseringa rundt psykiske plager har vorte mindre.

– Eg trur at openheita har vorte større rundt psykiske plager. Alle har ei psykisk helse og nesten alle møter ei stor krise i løpet av livet, der ein har behov for hjelp. Det har vorte mindre vanskeleg å innrømme at ein har psykiske plager og meir normalisert at alle kan ha tunge stunder innimellom, seier Aarrestad.

Psykiatrien er relativt ein ung vitskap, men ein veit veldig mykje meir i dag om korleis hjernen fungerer enn for berre 30 år sidan. Dette gjev håp om utvikling av betre medisin som er meir spesifikk laga for kvar enkelt psykisk plage, og utan store biverknader. Dette er ei utvikling innanfor psykiatrien Aarrestad er veldig glad for har kome. Men det er i dag mykje av hjernen me framleis ikkje forstår.

I dag er ein meir på dialogsida også i høve til pasienten ein behandlar. Ein er i dialog med pasienten om kva som kan gjere ting lettare for han eller ho. Lækjaren er ikkje den autoritære leiartypen lenger som bestemmer ting over hovudet på pasienten. Lækjaren drøftar med pasienten i mykje større grad kva for behandling som er naudsynt.

– Eg er mest opptatt av kva me kan gjere i dag i behandlinga. Kva me kan gjere av tiltak akkurat no for å dempe dei psykiske plagene, er viktig for meg. Er det medisin, terapi eller innlegging som trengst for å gjere livet lettare? Det er det som er viktig for meg, og ikkje så mykje kva som er årsaka til dei psykiske plagene. Gjennom arbeidet innanfor psykiatrien har eg også fått innsyn i andre måtar å tenkje på og andre måtar å sjå verda på. Det har gjeve meg eit verdifullt perspektiv på livet, avsluttar Aarrestad.

redaksjon@vtb.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.

annonse