Rådmannen ynskjer at kommunen betalar for professorat: – Opnar moglegheit for kommunen til å spele inn kommunerelevante tema

Rådmann Jan Myrekrok tilrår Vinje-politikarane til å inngå eit treårig samarbeid med Universitetet i Søraust-Noreg (USN) for å finansiere eit gåveprofessorat til ein verdi av 4,2 millionar kroner.

Professoratet, som vil vera i innovasjon og berekraft, vil ifylgje rådmannen kunne tene kommunen i form av tilgang på kunnskap i samarbeidsperioden.

– Det opnar moglegheit for kommunen til å spele inn kommunerelevante tema både til den som har professoratet og mastergradsstudentane i Bø, skriv Myrekrok.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han listar fleire tema der «det er ynskjeleg» med eit auka kunnskapsgrunnlag:

• satsinga på innbyggjarvekst og lokalsamfunnsutvikling

• berekraftig arealforvalting og hyttepolitikk i fjellområda

• reiselivsforvalting i eit miljøperspektiv

• kontaktflata mot hytteinnbyggjarane både med tanke på frivillig innsats, bidrag inn mot næringslivet og kommunen sjølv som arbeidsgjevar

– Det vil truleg òg vere andre felt som vil ha nytteverdi for kommunen. Å konkretisere og formalisere eit samarbeid med universitetet vil etter rådmannens vurdering gje kommunen meir å spele på for å nå mål i kommuneplanens samfunnsdel og næringsplan. På det grunnlaget gjev rådmannen ei positiv tilråding i saka, avsluttar han.

Institutt for økonomi og IT ved USN har ved to høve presentert seg for formannskapet med tanke på eit slik samarbeid. Formannskapet får saka på sitt bord fyrstkomande torsdag.