– Her er handverk i fokus, seier Dag Birger Lie, Gunn Marit Sanden og Tine Brekke Asbjørnsen.

Rabarbrasider og blomar i Vrådal

Gunn Marit Sanden og Dag Birger Lie har lansert alkoholhaldig rabarbrasider, og nå opnar Tine Brekke Asbjørnsen blomsterverkstad i nabohuset. Saman håpar dei å skape eit lite samlingspunkt for lokal mat, handverk og opplevingar.

Publisert

– Vrådal er ei fantastisk bygd, med mykje å by på, seier Tine Brekke Asbjørnsen. 

Ho og mannen har hatt hytte i Vrådal i fem år. Dei har trivest så godt at dei no ynskjer å etablere seg her.

Ho trekker fram at bygda har aktivitetar heile året, men set også pris på roa som staden gjev.

Naturen i Vrådal som inspirasjon

Tine kjem opphavleg frå Ørsta, men bur i Tønsberg i dag. Ho har bakgrunn som blomsterdekoratør og interiørstylist, men har seinare år berre hatt det som hobby. Ho byrja å legge ut blomsterbinderi for sal på Facebook, både med levande og tørka blomar. Det var då Gunn Marit Sanden tok kontakt.

– Eg har vore så heldig at eg får ha tinga mine her i gardsbutikken hennar. Me har fått eit fint samarbeid, fortel ho.

Gunn Marit fortel at produkta hennar har slått godt an.

– Det ho har laga, har selt veldig bra.

No har det også opna seg ei ny moglegheit. Tine og mannen har nyleg kjøpt nabohuset til gardsbutikken. I eit lite raudt uthus planlegg Tine å lage verkstad og eit lite utsal for blomsterarbeidet sitt. Årstider og sesongen vil spegle utvalet. 

Målgruppa er både lokale og hyttefolk, og Tine meiner det finst rom for tilbodet.

– Eg har ikkje så mange konkurrentar her i Vrådal, smiler ho.

Tine Brekke Asbjørnsen gler seg til å få verkstaden og utsalet opp og gå.

Ho fortel at naturen i området er ei viktig inspirasjonskjelde.

– Natur og ro er godt for sjela, og eg brukar naturen som inspirasjon for produkta mine.

Tine er opptatt av å bruke naturmateriale og gjenbruk. – Her oppe kjenner eg kreativiteten boble, seier ho.

Tine er utdanna blomsterdekoratør frå Danmark og har mellom anna arbeidd i Wien. Kontrasten til Vrådal er stor, men inspirasjon finn ho mange stader.

– Alt kan inspirere, seier ho. 

Ho er særleg opptatt av naturmateriale og gjenbruk, og ynskjer å lyfte fram bruk av tørka blomar.

– Ein tørka krans er som eit smykke på ein vegg.

På sikt ser ho også føre seg kursverksemd og blomsterstyling.

Lokalmat og delikatesser

Allereie i 2002 starta Gunn Marit gardsbutikk.

– Det var mange som lo av det, smiler ho.

Gardsbutikken dreiv ho fram til 2008. Då vart det ein pause, men Gunn Marit fortel at ho heile tida sakna å drive butikk. 

Då ho i 2021 starta opp att, var konseptet meir vanleg, og no lo ikkje lenger folk av satsinga. 

Butikken byrja som eit galleri for hennar eigne bilete, men etter kvart tok ho inn fleire varer.

 – Og så har det berre balla på seg, smiler ho.

Kvar laurdag bakar Gunn Marit surdeigsbrød. – Det er veldig populært, seier ho.

I dag er mesteparten av varene knytt til mat. Gunn Marit legg ikkje skjul på at interessa for mat er ei viktig drivkraft. Butikken tilbyr lokalmat både frå nærområdet og andre delar av landet, i tillegg til ulike delikatesser som ein ikkje finn i vanlege daglegvarebutikkar.

I tillegg finst det kunst, interiør og kunsthandverk i butikken. I påska er det dessutan planlagt ei miniutstilling med Ruth Kvålo Dalen. 

Gunn Marit stiller ut eigne bilete inne i gardsbutikken.

Populær rabarbrasaft

I 2022 starta Gunn Marit og sambuaren Dag Birger Lie med produksjon av rabarbrasaft. Råvarene kjem frå eigne åkrar både i Fyresdal og Vrådal.

Ideen om rabarbrasaft oppstod under ein ferietur, og det var kort veg frå tanke til handling.

Gunn Marit fortel at ho alltid kjedar seg når ho er passasjer, og at ho dreiv å googla kva som fanst i nærområdet. Då dukka Lundeby rabarbra i Østfold opp. 

– Det verka spennande å lage rabarbrasaft, så eg googla vidare og fann ut kor mykje rabarbra ein kan få per mål – og kor mange flasker det kan bli. 

Så vende ho seg til Dag Birger og spurde: «Me skal ikkje berre starte med det då?»

Han var ikkje vanskeleg å overtale. På heimvegen stoppa dei på plantasjen i Porsgrunn og kjøpte rabarbrafrø.

– Dag Birger tende nok litt ekstra på ideen, fordi han elskar rabarbrasuppe, smiler Gunn Marit.

Det finst mange sortar av rabarbra, og Victoriaplanta eignar seg godt for safting.

Men det viste seg at rabarbradyrking inneber meir arbeid enn dei kanskje hadde sett føre seg. 

– Det er planting, luking, gjødsling, hausting, kutting, frysing og litt logistikk, forklarar Dag Birger.

Rabarbraen blir levert til Epleblomsten på Akkerhaugen, som står for sjølve saftproduksjonen.

– Me er såpass gamle at me ikkje kan investere i maskiner, så det er veldig greitt å levere det til dei, seier Gunn Marit.

Rabarbraen blir levert til Epleblomsten, som produserer safta.

Produktet har etter kvart fått godt fotfeste i marknaden, og dei har no over femti forhandlarar.

– Den enklaste saka er å selje det. Det er verre å dyrke det, ler ho.

Etterspurnaden har til tider vore så stor at dei har måtta kjøpe rabarbra i tillegg.

Nytt produkt

No har dei også fornya seg, og lansert ein alkoholhaldig rabarbrasider. 

I 2024 deltok dei på siderkurs på Hjelmeland, arrangert av kompetansenettverket for lokalmat, og etter å ha fått løyva som trengst, byrja dei etter kvart å eksperimentere for å finne fram til riktig oppskrift. 

– Det er ikkje så lett å lage ein god sider når du aldri har gjort det før, ler Gunn Marit.

Sideren har fått namnet Victoria, som er namnet på rabarbraen dei brukar. Dag Birger og Gunn Marit er dei fyrste siderprodusentane i Vest-Telemark som har tilverknadsbevilling frå Helsedirektoratet.

Det tok tid, og mykje sider som måtte kastast, før dei fann smaken dei ynskte. Målet var ein tørr sider, som ikkje var for søt, og med ein rosa tone, som minner om rabarbra.

Produksjonen skjer i Vrådal, medan tapping og karbonering skjer på Lien gard på Akkerhaugen.

Dei fekk også støtte frå omstillingsprosjektet i Kviteseid på 95.000 kroner til produktutvikling.

Sideren er no for sal, og responsen frå kundane har vore god, fortel dei.

– Det er ein sider med rabarbra og aromaeple. Rabarbra er signaturen vår, og det me brenn for, seier Gunn Marit.

Gardsbutikken er Gunn Marit sitt prosjekt, medan dei er to om saft- og siderproduksjonen.

Små ambisjonar – mykje entusiasme

Trass i nye produkt og utvida samarbeid, understrekar Gunn Marit at ambisjonane er nøkterne.

– Me driv eigentleg berre med noko me synest er himla moro, smiler ho.

Dei har fått salsløyve for sideren, og planen er også å søke kommunen om skjenkeløyve. På sikt håpar dei å kunne tilby sidersmaking.

– Det er framtidige planar, og så får me sjå kva me får til.

Gardsbutikken har ope dei fleste fredagar og laurdagar gjennom året, med meir ope i feriar. Tine planlegg også sesongopning i verkstaden sin.

Alle tre meiner kombinasjonen av gardsbutikk, kunst, sider og blomsterhandverk kan skape noko unikt i bygda.

– Her kjem du til å finne ting du ikkje finn andre stader, seier dei.

Powered by Labrador CMS