Prostidiakon: Eilev Erikstein har oppsummert 2024 i sin årsrapport.

Prostidiakonen oppsummerer året. – Eit slags kyrkjeleg breiband

I tillegg til å byggje fellesskap i kyrkjelyden, har diakonien ei viktig samfunnside, skriv prostidiakon Eilev Erikstein i årsrapporten sin for 2024.

Det hender Eilev Erikstein tel kor mange folk han møter gjennom ei veke. Det har han gjort i årsrapporten for 2024. Årets teljing var i veke 51. Samla var det 150 menneskemøte denne veka. Talet inkluderer dei 60 frå vaksenopplæringa i Tokke og Vinje som kom til adventstund i Nesland kyrkje, dei som var med i sorggruppa i Brunkeberg, nissefesten på Lundenjordet, og matkasseprosjektet – for å nemne noko.

– 150 levande menneske gjorde diakonveka mi meiningsfull, skriv Erikstein når han gjev eit innblikk i kvardagen til prostidiakonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samla har prostidiakonen gjennomført 463 samtaler i 2024. Det er om lag det same som dei føregåande åra.

Kyrkjas infrastruktur

I årsrapporten kallar han diakoni for kyrkjas infrastruktur.

– Eit slags kyrkjelege breiband, som stadig må bli oppgradert, skriv Erikstein.

Han seier tillitsfullt samarbeid gjer linene mellom kyrkja og samfunnet trygge.

– Det vere seg i psyko-sosiale kriseteam, verdiseminar, gjennom samarbeid om pilegrimsvandringar, i sorggrupper, markering av verdsdagen for psykisk helse, samtalegrupper for pårørande til menneske med demens eller i etiske refleksjonsgrupper, biletgjer Erikstein.

Når 2024 har blitt til 2025 er me inne i året som markerer at det er 40 år sidan landets fyrste prostidiakonstilling blei oppretta. Per Emanuelsen blei i 1985 tilsett i Vest-Telemark prosti. Datoen for vigslinga var 10. januar.

– Det at pengar vart løyvd til stillinga den gongen, og ikkje berre aktivitet, har vore avgjerande for at stillinga framleis lever, meiner dagens prostidiakon.

Prostidiakon

Sidan 1985 har Vest-Telemark hatt Prostidiakon. Prostidiakonen i Vest-Telemark er eit samarbeid mellom sokneråd og kyrkjelege fellesråd i Tokke, Vinje, Nissedal, Kviteseid og Fyresdal. Pengane til stillinga kjem dels frå dei samarbeidande partane og Agder og Telemark bispedømeråd. Diakonatet har eit valt styre. Styreleiar er Gunnar Øverland frå Tokke. Tokke kyrkjelege fellesråd er vertsfellesråd, har arbeidsgjevaransvar og fører rekneskapen. Dalen er kontorstad for prostidiakonen.

Kjelde: Årsrapporten til prostidiakon Eilev Erikstein

Artikkelen held fram under annonsen.

I årsrapporten definerer han diakoni som «å gjere det som ingen andre gjer». Han tek mellom anna for seg demens. Erikstein er med i samtalegrupper for pårørande til menneske med demenslidingar. Korleis bli ei meir demensvennleg kyrkje, er noko prostidiakonen reflekterer over i årsrapporten.

Bismak i det heile

Dei siste 22 åra har diakonatet delt ut matkasser til jol – som ei jolehelsing og oppmuntring til dei som treng det mest. Både private og kommunar er med å støtte tiltaket, til dømes løyvde Vinje kommune 50 000 kroner til dette før jol. Vel 20 matkasser blei delt ut til jol, i tillegg til 10 som er delt ut tidlegare i år.

– Likevel er det ein bismak i det heile. I matposediakonien ligg det også ein kritikk av samfunnet. Målet må vera at våre velferdsordningar i størst mogeleg grad hindrar at folk blir avhengige av slik hjelp, skriv Erikstein.