Har oppgradert kraftverket for 85 millionar
I fleire månadar har dei jobba for å oppgradere den 60 år gamle kraftstasjonen på Tjønnefoss. Det skal sikre straumproduksjon i mange år framover.
I meir enn hundre år har det blitt produsert straum i Nissedal, og det blir produsert langt meir enn det som blir bruka i kommunen. Berre frå Å energi sine anlegg i Nissedal blir det produsert 435 GWh. Det er nok til å forsyne meir enn 28 000 bustader med straum i eit heilt år.
Tjønnefoss er ein av kraftstasjonane i kommunen. Der begynte produksjonen i 1966.
– Og i desse nesten seksti åra har denne kraftstasjonen gjort ein god jobb, seier Lars Kålås Økland i Å energi.
For å sikre sikker og effektiv drift vidare var det naudsynt med oppgraderingar, og det siste halvåret har det blitt gjort ein grundig jobb for å renovere anlegget.
Stort prosjekt
Prosjektet har ei prisramme på 85 millionar, og arbeidet har vore omfattande.
– For framtida vil anlegget bli meir automatisert, seier John Oddvar Jermansen som er avdelingsleiar for drift, vedlikehald og beredskap på anlegga i Nissedal.
Oppgåver som dei tidlegare har måtta gjort manuelt kjem nå til å bli styrt automatisk.
Til kvar tid har 25–30 personar vore i arbeid for å oppgradere anlegget. Nokon er lokale, andre kjem langvegsfrå. Og det å finne overnattingsstader for alle har vore ei utfordring, fortel Kålås Økland.
To av dei som har hatt Tjønnesfoss som arbeidsstad sidan i vår er Eivind Vaa frå Rauland og Kristoffer Torsdalen frå Seljord. Dei jobbar for Vinje industri og har stort sett budd på Gautefall sidan dei starta opp i mai. Mekanikarane er vane med arbeidsoppdrag langt unna.
– For oss er dette i nærområdet, seier dei.
Håpar på oppstart før jol
Arbeidet starta opp i april, og det siste halvåret har generator, turbin, inntak og flaumluke blitt rehabilitert. Når VTB er innom kraftstasjonen gjer dei siste finpuss på turbinen før det øvste lokket skal løftast på. Det har vore på rehabilitering sidan i vår, og vart frakta på lastebil med følgjebil frå Lier. Nå er det 14 tonn tunge lokket tilbake i kraftstasjonen i Tjønnefoss.
Steinar Evensen sørgjer for at det kjem skikkeleg på. Han har reist rundt som montør på kraftverk i heile Noreg i 57 år. Nå er han 74 og den eldste på jobb denne dagen. Lærlingen Sondre Holte hjelper til. Han er 18 og den yngste.
Tjønnefoss kraftstasjon har stått sidan mai. Planen er å få det i gang igjen før jol.
– Om alt går etter planen startar me det opp 23. desember, fortel Roy Åge Homme.