Politibetjent i Vinje, Mari Moen, fortel at dei i politiet er få tilsette på store område og at utfordringane er store. Ho meiner difor politiet er avhengige av eit godt samarbeid med lokalbefolkninga rundt ukulturen med promillekøyring.
Politibetjent i Vinje, Mari Moen, fortel at dei i politiet er få tilsette på store område og at utfordringane er store. Ho meiner difor politiet er avhengige av eit godt samarbeid med lokalbefolkninga rundt ukulturen med promillekøyring.

– Promillekøyring er eit problem i heile Vest-Telemark

Politibetjent Mari Moen ved Vinje lensmannskontor meiner promillekøyring er eit utbreitt problem i Vest-Telemark.

Fredag publiserte Vest-Telemark blad eit sterkt lesarinnlegg frå Hilde Martini Momrak som mista sonen sin i ei båtulykke i sommar. I innlegget «Politireforma - konsekvensar for Fyresdal og Vest-Telemark» tek ho eit oppgjer med utviklinga og haldningar blant unge og vaksne i Fyresdal, og kva mangel på politi har å seie for utviklinga.

Mari Moen har stillinga som førebyggande ansvarleg i Vest-Telemark. Denne stillinga rettar seg mot ungdom og rus, og promillekøyring er av høg prioritet. Politibetjent Moen kan fortelje at Fyresdal ikkje er noko unikt tilfelle.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er eit problem i heile Vest-Telemark. Nesten uansett kvar me har promillekontroll får me «treff» i helgene.

Utfordrande ressursar

Etter at Tokke og Fyresdal lensmannskontor blei lagt ned før ferien har arbeidsområda for dei attverande kontora blitt større.

– Me er jo ikkje så veldig mange tilsette med tanke på området me skal dekke, seier Moen.

Politiet har måtte tole ein del kritikk. Med politireforma om å sentralisere lensmannskontora er det fleire som meiner at politiet er mindre synlege. I lesarinnlegget trekkast dette fram som ei forklaring på at fleire køyrer med promille.

– Me må sjølvsagt ta denne kritikken til etterretning og prøve å gjere det betre, men ressursane me har her i Telemark er ei utfordring. Det skal likevel nemnast at promillekøyring er noko me alltid arbeider veldig aktivt mot, seier Moen.

Som eit tiltak fortel ho at politiet no ynskjer å arbeide endå meir kunnskapsbasert og førebyggande.

– Gjennom spørjeundersøkinga Ungdata 2018 får me henta inn mykje nyttig informasjon. Denne undersøkinga kan hjelpe oss ytterlegare i det førebyggande arbeidet med å åtvare ungdommar om farane ved promillekøyring.

Les også:Dei unge slit meir, men er meir opne

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit samfunnsansvar

Sjølv om Moen tek kritikken mot politiet på alvor påpeikar ho at dette problemet ikkje løysast av politiet aleine.

– Me i politiet må sjølvsagt gjere ein god jobb, men for å endre denne ukulturen er me avhengige av eit godt samarbeid med lokalbefolkninga. Denne jobben må me gjere saman.

For å få endra desse haldningane meiner Moen det er viktig at ungdommen står opp mot promillekøyring.

– Dei unge må stå saman om at det her ikkje er greitt. Eg trur dessverre det er mange ungdommar som undervurderer sin eigen påverknad på andre.

Moen fekk gjennom lesarinnlegget lese at det var unge som hadde for vane å gøyme bilnøklane til dei som var med på festen.

– Det er ein god tanke i seg sjølv, men det er endå betre å ta kontakt med politiet. Me opplever dessverre at for mange er terskelen høg for å melde frå til politiet når nokon fyllekøyrer. Me ynskjer å få endå fleire tips. Sjølv om me ikkje alltid har kapasitet til å reise ut på det som kjem inn, blir alt loggført.

Politibetjenten rettar òg ein finger mot dei vaksne og foreldra rundt omkring i Vest-Telemark.

– Foreldra må tore å snakke med borna sine. Dei har eit ansvar for å seie at det her ikkje er greitt. Det er viktig at dei ikkje er for godtruande og trur at det her ikkje råkar deira born. Dei skal vite at det er mykje meir slagkraftig når bodskapen om at promillekøyring ikkje er greitt kjem frå vener og familie, enn frå eit politiforedrag. I tillegg meiner eg at foreldre må vere meir på tilbodssida når det kjem til å køyre borna viss dei skal på fest.

Artikkelen held fram under annonsen.

I lesarinnlegget skriv Momrak: «Når foreldre selv ikke kan korrigere barn fordi de gjør det samme selv, ja da har vi store utfordringer å jobbe med». Dette sjokkerer Moen.

– Fyrst og fremst må foreldra stå fram som gode eksempel for borna sine. Alle veit jo at det ikkje er lov å fyllekøyre. Det er skremmande at det blant enkelte foreldre er ein toleranse for å køyre i påverka tilstand.

Tru på framtida

Politibetjenten som har ansvaret for førebyggande arbeid med ungdom meiner ein ikkje må svartmåle situasjonen i Vest-Telemark heilt.

– Me har openbart eit problem, men ved å arbeide med ungdommen opplever eg at dei fleste er både snille og ordentlege. Det som er problemet er at dei få som køyrer i rusa tilstand kan gjere stor skade.

I lesarinnlegget blir det trekt fram at enkelte ser på det å bli tatt av politiet som den verste konsekvensen.

– Folk må begynne å forstå at det verste som kan skje ikkje er å miste førarkortet, men at liv kan gå tapt. Det har me dessverre fått fleire eksempel på opp gjennom åra, seier Moen.

Sjølv om utfordringane er store har politibetjenten eit håp om betring framover

– Me må saman arbeide for å endre denne ukulturen. Eg har trua på ungdommen og framtida.