Presenterte ideen om ein ny møtestad midt i sentrum
Førre torsdag fekk formannskapet sjå skisser over det som kan bli ein ny møtestad i Åmot.
Det er kultursjef Kristian Rantala som er hovudhjernen bak ideen. Han understrekar at skissene som vart lagt fram for formannskapet berre var ei orientering for å finne ut av om han er på rett spor. Planen vidare er å lage ei sak på dette til neste formannskapsmøte for å forankre og finansiere eit eventuelt forprosjekt med utgreiing av økonomi og juss, medverknadsprosessar og meir idémyldring.
Kakeringen i dialog med kommunen
Når Bratlandbygget i øvre del av sentrum blir overtatt av kommunen, må den populære Kvito-kafeen Kakeringen finne ein ny stad å vere. Sidan det er teikna inn ein kafé på dei nye møtestad-skissene, har VTB spurt Kvito-sjef Torbjørn Dyrland om dei har planar om ei flytting av Kakeringen til vestenden av Fristadsenteret. Han svarar at dei har dialog med kommunen om ulike løysingar, og at dei veit meir i løpet av februar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– I endringsprosessar slik som me står i nå må me vera ekstra varsame grunna sårbare brukarar og må derfor bruke litt ekstra tid, forklarar Dyrland.