Uteskule: Elevane på Brunkeberg skule klipper snora til den nye grønsakshagen. Nå skal dei bruke mykje av tida fram mot sommaren ute, blant anna skal dei prøve seg som gartnarar.

Praktisk skuledag for elevane i Brunkeberg

Nå vil Brunkeberg oppvekstsenter nytte uteområdet dei har til kreativ læring. Innspelet kjem mellom anna frå elevane, som ynskjer ein meir kreativ og variert skuledag.

– Moglegheitene er store på skulen i Brunkeberg med det flotte uteområdet, då me hadde ein undersøking hos elevane sa dei at uteskule og praktisk læring var noko dei ynskte meir av, seier avdelingsleiar Anne Torunn Øverbø.

Brunkeberg oppvekstsenter har nå starta eit tverrfagleg prosjekt for både skulen og barnehagen – dette ser fleire fram til og håpar skulen vil ha eit godt utbytte av endringa. Skulen skal nytte uteområdet sitt, nedanfor skulebygget, til å lage ein grønsakshage. Dette vil dei halde fram med halve skuledagen fram til sommarferien. Når skulen tar sommarferie, er det barnehagen som skal vatne og passe på grønsakshagen, for dette er eit samarbeidsprosjekt med barnehagen, trekker avdelingsleiaren fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lærarane vil trekkje inn relevant læring frå dei ulike faga, inn i prosjektet. Elevane er med på heile prosessen, og synest det er stas å vise kva dei skal jobbe med framover.

Grønsakshage: Ungane fortel sjølv at dei lærer av å følgje med på korleis plantene veks. – Me har blant anna planta grønkål, gulrot og squash, fortel dei engasjert.

I grønsakshagen har elevane vore opptekne av gjenbruk, dei har planta i mjølkekartongar inne, og ute har dei planta i pallerammer. Mykje av inspirasjonen til prosjektet er henta frå Seljord hage. Elevane frå 1. — 3. klasse skal på tur til hagen denne veka.

I sommar får også oppvekstsenteret ein gapahuk som Jan Barstad skal ha ansvar for å bygge. Til prosjektet har dei fått 150 000 kroner i støtte frå Sparebankstiftelsen DNB til å gjennomføre.

– Gapahuken blir eit ekstra klasserom, og vil bli bruka både av skulen og barnehagen, seier Øverbø.

Uteskule: Brunkeberg oppvekstsenter fekk 150 000 kroner av Sparebankstiftelsen DNB til eit prosjekt der dei mellom anna lagar kjøkkenhage og skal bygge ein ny gapahuk nede på skuleplassen slik at dei kan ha meir undervisning ute.