Tre menn sit saman ved eit bord i ein bar.
Knut Theodor Haugen (25), Jacob Tokle Finkenhagen (28) og Eiving Kvalem (27) håpar Budeia blir eit fast treffpunkt for dei unge i Seljord.

Positive til den nye møtestaden. – Akkurat det Seljord treng

Fjellheimpuben i Seljord har no fått nye fargar og blitt døypt om til Budeia. Mange kom for å sjekke ut endringane då dørene opna sist helg, og dei unge gjestene håpar på ein «ny epoke» for utelivet i Seljord.

Publisert

Gratulasjonane kom på løpande band frå seljordingane som møtte fram for å sjå Vilje Juvskås (24) si fornying av puben i Seljord. Utelivssatsinga som har fått namnet Budeia inkluderer både det som var Fjellheimpuben og Fjellheim-kjellaren, tidlegare Colibri. Gjestene håpar folk stiller opp og nyttar seg av Vilje sitt engasjement, slik at det blir ein etablert møtestad for dei yngre i bygda. 

Ny epoke

Ei av dei som møtte fram på opninga av klubbkjellaren, som no har fått namnet Fjoset, var Julie Aasland Fjelle (25) frå Flatdal.  Ambulansearbeidaren som eigentleg kjem frå Notodden har til no vore skuffa over utelivstilboda i den nye heimkommunen. Ho håpar folk blir flinkare til å kome seg ut no med ny pub, slik at det blir meir morosamt for alle. 

– Eg er veldig positiv til at det blir ein slags ny epoke her, og heiar veldig på Vilje og alt ho får til, seier Fjelle.

To kvinner smiler og held kvar sin drink ved ein bardisk.
Julie Aasland Fjelle (25) med venninna og drivaren Vilje Juvskås (t.v.).

Oppfordrar til å reise ut

Seljordingane Eivind Kvalem (27) og Jacob Tokle Finkenhagen (28) var tidleg på plass i det freshe lokalet. 

– Det er akkurat dette Seljord treng. Ein stad å treffast, slappe av og ha det gøy, seier Finkenhagen.

Han er imponert over kor mykje Vilje har fått til på så kort tid, og spent på korleis det blir framover. Til vanleg jobbar han som sosionom i Kristiansand, men no er han heime i Seljord på sommarferie. Då er det triveleg å sjå att gamle kjente, men dei unge har ikkje hatt tradisjon for å bruke Fjellheimpuben som treffpunkt. No håpar han fornyinga kan trekke unge så vel som gamle. 

 – Interessa er jo å få detta til å bli møtestaden, – at det blir tradisjon å vorse og så reise hit når ein er heime i Seljord, seier Finkenhagen. 

Likevel er dei spente på om folk skjønar at ein slik tilbod må støttast for å fungere. 

– Me var her i går også, og det var ingen før halv tolv omtrent. Me er heldige som har eit slikt engasjement som Vilje har, og må bruke det, fortel dei. 

To menn sit ved eit bord og smiler mot kameraet i ein restaurant eller bar.
Jacob Tokle Finkenhagen (28) og Eiving Kvalem (27) oppfordrar folk til å kome seg ut.

– Må hjelpe venninna vår

Også dei tilsette er positive til fornyinga av puben. To som er på jobb for fyrste gong er Marielle Funner (23) frå Flatdal og Edda Høydahl (23) frå Svartdal. Dei håpar på ein god start for Vilje og Budeia. 

– Me må jo hjelpe veninna vår, smiler dei. 

To kvinner står bak ein bar og serverer drikke.
Marielle Funner (23, t.v.) frå Flatdal og Edda Høydahl (23) frå Svartdal hjelper veninna si kome i gang med bardrifta.

Ein annan kar ikledd dei nye uniformene er Geir Kaasa Dyrland (32) frå Seljord. Han har hjelpt til på Fjellheimpuben i fleire år, og er også med vidare for å hjelpe Vilje som han kjenner godt. Stillinga hans blir som før ein «alt-mogeleg-mann». 

– Eg gjer det Vilje ber meg om, ho er ein veldig god sjef. I går var det fullt i teltet og det var moro. Dei nye t-skjortene er kjempefine, og veldig gode å gå i, smiler Dyrland. 

Mann i raud skjorte står framfor raudt Budeia-banner og viser tommel opp.
Geir Kaasa Dyrland (32) er nøgd med den nye stilen til puben i Seljord.



Powered by Labrador CMS