Politikarane om tilsettinga. – Har utløyst ei tillitskrise
Tilsettinga av Sven Tore Løkslid som økonomisjef og assisterande kommunedirektør har skapt reaksjonar i Kviteseid. VTB har spurt leiarane i dei fem politiske partia kva dei tenker om prosessen.
– Eg er svært kritisk.
Det seier Gunnar Ruud, som er kommunestyremedlem og leiar av Kviteseid Høgre.
Han synest det er trist at Kviteseid har fått ei slik sak i fanget.
Laila Thorsen, kommunedirektør i Kviteseid, stadfesta til VTB 2. oktober at tidlegare fylkesordførar Sven Tore Løkslid er tilsett som ny økonomisjef/assisterande kommunedirektør i Kviteseid kommune.
Før tilsettinga hadde det kome fram at Løkslid, i tida då han var fylkesordførar, hadde hatt eit hemmeleg forhold til Aps gruppeleiar Martine Tinderholt Øverland og at han hadde loge om forholdet til partiet . Avisa Varden skreiv også at Løkslid hadde sendt fleire nakenbilde av seg sjølv til ei yngre kvinne.
Då VTB spurte kommunedirektør Laila Thorsen om dette blei tatt med i vurderingane då kommunen skulle vurdere om Løkslid var eigna til jobben, svara ho: «Han har forklart kva han har gjort, og gitt oss forsikring om at dette ikkje vil skje igjen».
VTB skreiv 12. oktober at den nye økonomisjefen ikkje har fullført økonomiutdanninga. Kommunedirektøren svara blant anna: «Kven som blir innstilt til stillingar er ikkje berre ei vurdering av formalkompetanse, det er ei heilskapleg vurdering.»
Vil ha kontroll av tilsettinga
Ruud meiner prosessen rundt tilsettinga har utløyst ei tillitskrise. Med utgangspunkt i utlysingsteksten stiller han spørsmål ved om kommunedirektøren har følgt kvalifikasjonsprinsippet, og meiner også det kan bli stilt spørsmål ved om kommunen har følgt offentleglova når det gjeld søkjarlista.
Tre av dei sju søkarane til stillinga var unnateke offentlegheit. Løkslid var blant dei.
Med mindre saka i mellomtida blir løyst på anna vis, ser Ruud det som naturleg at saka kjem til politisk handsaming.
Stian Hauge, leiar i Kviteseid Senterparti, meiner også det er viktig å få undersøkt om kommunen har følgt regelverket i tilsettingsprosessen.
– Eg forventar at slike prosessar blir gjennomførte i tråd med gjeldande regelverk og dei kvalifikasjonskrava kommunen sjølv har sett i utlysinga. Når det no er reist spørsmål om kommunen kan ha sett til side eigne formelle kvalifikasjonskrav, meiner eg det er viktig å få kontrollert kva som faktisk har skjedd, seier han.
Hauge meiner det er naturleg at kommunestyret får kontrollert om kommunen har følgt gjeldande regelverk og eigne prosedyrar i tilsettinga.
– Det handlar om tilliten til kommunen som arbeidsgivar og til forvaltninga vår.
Ønskjer gjennomgang av regelverket
Ordførar Tarjei Draugedal (KrF) understrekar at det er kommunedirektøren som har ansvaret for tilsettingar i kommunen, men seier at kommunestyret kan be om ein kontroll av prosessen.
Han peikar også på to forhold som det kan vere aktuelt å undersøkje: Om kvalifikasjonskravet er følgt, og kvifor søkjaren var unnateke offentlegheit.
Solveig Nekstad Grave, gruppeleiar for Arbeidarpartiet og opposisjonsleiar, understrekar at det er kommunedirektøren som har ansvaret for tilsettingar i kommunen.
– Her er det reglar me må følgje, og me må kunne ha tillit til at dette blir følgt i alle ledd av organisasjonen, svarar ho.
Grave meiner det hadde vore klokt i ei så turbulent sak om administrasjonen eller kommunedirektøren går gjennom gjeldande regelverk og prosedyrane.
– Dette kan vere viktig for forståing og ro framover, seier ho.
Meiner kommunedirektøren bør gå av
Hartwig John, leiar i Kviteseid Venstre, er svært kritisk til tilsettinga av Sven Tore Løkslid. Han meiner prosessen har vore uryddig, uprofesjonell og i strid med regelverket.
John stiller spørsmål til om Løkslid er fagleg og personleg eigna til stillinga, og meiner tilsettinga skadar omdømmet til kommunen.
Han seier at Venstre er i tett kontakt med dei andre partia, og reknar med at eit samla kommunestyre vil ta opp saka i løpet av dei næraste dagane.
John har tidlegare ytra seg om temaet i lokalavisa.
– Eg har full forståing for at det blir stilt kritiske spørsmål, og det er ein viktig del av lokaldemokratiet. Kommunen vil halde fram med å jobbe for å sikre ryddige prosessar, god økonomistyring og gode tenester til alle innbyggjarar i Kviteseid, skreiv kommunedirektør Laila Thorsen i svaret sitt til Venstre-leiaren i VTB.
Kommenterer ikkje personalsaker
I lys av ytringa til Hartwig John har VTB spurt alle partileiarane om dei har tillit til kommunedirektøren.
Gunnar Ruud (H) seier at utfallet av dei interne prosessane vil vere avgjerande for den vidare handteringa av tillitsspørsmålet. Stian Hauge (Sp) viser til at det går føre seg ein formell arbeidsgivarprosess. Av omsyn til både kommunen og dei involverte meiner han det er rett å la prosessen gå sin gang framfor å kommentere saka nærare i meida.
Solveig Nekstad Grave (Ap) og ordførar Tarjei Draugedal (KrF) viser begge til at dei ikkje vil kommentere personalsaker i media.
– Me er i ein prosess og den har ikkje noko i offentlegheita å gjere, seier Nekstad Grave.
VTB har spurt ordføraren om han kan stadfeste at det er ein formell prosess der tilliten til kommunedirektøren blir vurdert.
– Personalsaker kan eg ikkje diskutere i media, men me tek saka på alvor, svarar han.