Norges trafikkskoleforbund støttar også at viltpåkøyringar bør inn i både opplæring og lovtekst. Det same gjer viltforvaltninga, som trur mange ikkje veit hvor dei skal melde frå. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB

Politiet meiner viltpåkøyringar bør inn i køyreopplæringa

Politiet fortvilar over at folk ikkje melder frå om viltpåkøyringar og meiner dette bør inn som ein eigen del av køyreopplæringa.

Vegtrafikklova seier at alle som med eller utan skuld er innblanda i trafikkuhell, straks skal stanse og hjelpe personar og dyr som har komme til skade. Men viltpåkøyringar står det ikkje noko spesifikt om, seier Kari Nærum i dyrekrimgruppa i Søraust politidistrikt til NRK.

Ifølgje tal frå SSB er det registrert 8.083 viltpåkøyringar det siste året, og hausten er høgsesong.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Her har trafikkskulane inga opplæring rundt kva det vil seie å hjelpe dyr som har komme til skade, seier politietterforskaren til rikskringkastaren.

Ho understrekar òg at det kan vere straffbart å ta saka i eigne hender og prøve å avlive dyret sjølv.

– Det er ikkje så mykje som skal til før det tippar over i det straffbare. Nokon kan velje å rygge over eller slå med jekk eller annan reiskap i bilen. Det er ikkje greitt, seier Nærum.

Norges trafikkskoleforbund støttar òg at viltpåkøyringar bør inn i både opplæring og lovtekst. Det same gjer viltforvaltninga, som trur mange ikkje veit kvar dei skal melde frå.

(©NPK)