Søket er no avslutta utan at biltjuven er funnen

Politiet har ingen grunn til å tru at biltjuven er farleg, men ber om tips i saka.

Operasjonsleiar Merete Kvaal i sør-aust politidistrikt stadfestar til VTB klokka 20.35 at søket no er avslutta, men at saka blir etterforska vidare.

– Er det nokon grunn til at folk bør vera uroa?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, me har ingen grunn til å tru at biltjuven er farleg, men me ber om tips om nokon ser noko, seier Kvaal.

Mange patruljar deltok i søket, og Kvaal seier dette blei gjort fordi det var praktisk mogleg og at dei såg sjansane for å lukkast i søket som større med fleire ressursar.

Stolen i Brunkeberg

Politiet fekk melding om funn av stolen bil i Seljord klokka 16.33. Ein person har stukke frå bilen og sprunge til skogs. Patruljar leita etter denne personen.

Innsatsleiar Else Krogseth Eilefstjønn i politiet uttala til VTBs utsende at bilen blei meld stolen frå Brunkeberg natt til i går. Delingar på Facebook gjorde at bilen blei oppdaga.

– Bilen blei observert av vitne på E134, seier Eilefstjønn til VTB, som legg til at det ikkje var politiet som stoppa føraren.

Bilen, som forsvann frå Brunkeberg i går til morgonen, er parkert på Seljord camping. Politiet leitar etter tjuven oppi Bjørgeliane.

Totalt fem politibilar, inkludert hundepatrulje, var med i søket, melder VTBs mann på staden.

Helikopter var også med i søket i starten.