Politiet er bekymra over uvettig ungdomskøyring. Nå varslar dei fleire kontrollar
Politiet i Aust-og Midt- og Vest-Telemark melder om aukande bruk av mopedbilar og UTV-ar blant ungdom i Øvre Telemark. Fleire av køyretøya blir modifiserte til å køyre fortare enn lovleg, noko som gjer dei ekstra trafikkfarlege.
– Me har dessverre sett fleire tilfelle av uvettig køyring med unge sjåførar. Dette er ein risiko både for dei sjølve og andre, seier politistasjonssjef Knut Aas i Øst-Telemark i ei pressemelding.
Også høg musikk i sentrum, både tidleg og seint, skapar problem. Politiet varslar no fleire kontrollar utover hausten. Foreldre og føresette blir oppmoda til å følgje opp ungdomane, sjå til at køyretøya er i forskriftsmessig stand og at regelverket blir følgt.
Politistasjonssjef Sigrid Dahl i Midt- og Vest-Telemark seier i pressemeldinga at risikoen er høgare utanfor byane på grunn av høgare fart og dårlegare vegstandard.
– Unge trafikantar er overrepresenterte i ulykkesstatistikken. Me har ingen å miste, understrekar politistasjonssjef Sigrid Dahl i Midt- og Vest-Telemark.
Politiet minner om at både sjåfør og eigar har ansvar for at køyretøy blir brukt på rett måte. Ved ulovleg køyring kan konsekvensane vere alt frå bøter og prikkar til inndraging av førarkort eller køyretøy.