Politiet, DNB og Telenor går saman om å nedkjempe svindel mot eldre og sårbare personar. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Politiet, DNB og Telenor går saman for å hindre svindel av eldre

Politiet, DNB og Telenor går saman om ein informasjonskampanje for å kjempe mot svindel mot eldre og sårbare personar.

Fleire eldre vart i fjor svindla for millionar av kroner av frekke svindlarar. Mellom anna mista ei kvinne i 70-åra alle sparepengane sine då ein svindlar i september lurte henne for 800.000 kroner. I eit anna tilfelle vart ein eldre mann svindla for 300.000 kroner.

Likskapstrekk i sakene er at dei eldre blir lurt til å gi frå seg BankID-detaljar over telefon.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Viss nokon spør om eingongskoden til BankID og passord, er dette ein svindlar, sjølv om dei gir seg ut for å vere frå banken, eller til og med politiet. Bedrageria kunne vore hindra dersom befolkninga hadde vore klar over korleis svindlarar opererer, seier Thorbjørn Busch, spesialrådgivar i Telenors tryggingsavdeling i ei pressemelding.

Telenor og DNB går no saman med politiet om å kjempe mot svindel mot eldre. I ein informasjonskampanje ønskjer dei å bevisstgjere eldre og pårørande om metodane svindlarane bruker.

Busch seier at det viktigaste verktøyet til svindlarane er sosial manipulasjon.

– Svindlaren prøver å få deg til å føle frykt, grådigheit, stress eller uvisse. Ofte prøver dei å skape eit tidspress òg – dei gir eit inntrykk av at du må gjere som dei seier no, elles forsvinn moglegheita, forklarer Busch.

DNB opplyser at erfaringa deira er at bedrageri og bedrageriforsøk aukar veldig i omfang, og at eldre er ei målgruppe som svindlarane spesielt rettar seg mot.

(©NPK)