Haukelifjell skisenter: Halvor Vinje ynskjer å leige ut bustad til anleggsarbeidarar om sommaren og skituristar om vinteren. Foto: Olav Åsen Haugsgjerd

Planlegg brakkerigg og skihotell

Halvor Vinje har søkt Vinje kommune om å setje opp ein mellombels brakkerigg ved Haukelifjell skisenter. Den skal huse 44 personar frå Berthelsen & Garpestad AS, som skal renovere tunnelane på E134 Haukelifjell dei neste tre somrane.

– Halvor Vinje søkjer om mellombels løyve for fire år. Planen er også å bruke bygget som skihotell i vintersesongen, når anleggsarbeidet har pause – for å auke kapasiteten på overnatting for skigjestene, skriv rådmannen.

Vinje vurderer å søkje om bruksendring til permanent konstruksjon etter kvart. Då vil dei i tilfelle kle inn riggen og tekke den med anna tak for å gjere bygget meir estetisk. Planen er då å bruke bygget til overnatting for skituristar.

– Den planlagde brakkeriggen skal plasserast i utkanten av parkeringa til skisenteret. Området er ikkje opparbeidd i dag, slik at plasseringa ikkje går ut over parkeringskapasiteten, skriv rådmannen.

Plan og miljøutvalet i Vinje handsamar søknaden i neste møte.