Planar om å bygge nytt fjøs med lausdrift og robot

Om Sigrun og Thomas Rekvik skal fortsette med mjølkekyr på Sitje må dei bygge om fjøset eller bygge nytt. No har kommunen gjeve grønt lys til at dei får kjøpe ein del av naboeigedomen.

Plan- og miljøutvalet i Fyresdal har gjeve Birger Krossli løyve til å dele frå om lag seks dekar av sitt fulldyrka areal, med føremålet om at det frådelte arealet vert lagt til granneeigedomen.

Føremålet med søknaden frå Krossli er at det frådelte arealet skal seljast til eigar av granne-eigedomen. Bakgrunnen er at grannane Sigrun og Thomas Rekvik planlegg å bygge ny driftsbygning på eigedomen sin. På grunn av arrondering av eksisterande bygningar/tun er dette vanskeleg å få til om dei ikkje får tillagt areal frå granneeigedomen.

Meir areal: Sigrun og Thomas Rekvik på Sitje får kjøpe seks dekar av grannen for å bygge nytt fjøs. Foto: Geir Ufs

Sigrun og Thomas Rekvik driv med mjølkeproduksjon på Sitje. Per i dag har dei ein kvote på i overkant av 300 tonn. Kyrne står nå oppstalla i båsfjøs. For å kunne utvikle garden vidare har dei no planar om å bygge nytt fjøs til mjølkekyrne med lausdrift og robot. Det gamle fjøset skal då byggast om til ungdyr og fôrlager. Når det gjeld storleiken på arealet som er søkt frådelt kjem dette også av at Rekvik, i tillegg til å bygge fjøs, treng å få dyra ut frå fjøset og til innmarksbeite frå eige areal. Det er òg praktisk å kunne legge opp tilstrekkeleg drenering og grøfter på eige areal.

Om paret skal fortsette med mjølkekyr på Sitje må dei bygge om fjøset eller bygge nytt, opplyser sakshandsamar Elin Skålid.

– Det å dele frå om lag seks dekar fulldyrka jord vil redusere innmarksarealet og driftsgrunnlaget på denne eigedomen i framtida. Det er slik samfunnsutviklinga er, nokon veks og vert større medan andre vert mindre. Å redusere innmarksarealet til Krossli vil likevel vere eit mindre tap enn det ein vinn ved å gje løyve til frådelinga med det føremål å legge arealet til grannegarden. Sakshandsamar kan ikkje sjå at nokon ting talar mot denne frådelinga, skriv Skålid.

Eigedomen til Krossli er på 3007 dekar, derav 34,8 dekar fulldyrka jord, som Rekvik leiger. Driftseininga til Rekvik er på 7171 dekar inkludert 105 dekar som er fulldyrka.